Lilla Luleälven er ei tilløpselv til Lule älv nord i Norrland i Norrbottens län i Sverige. Heile elva ligg innanfor Jokkmokk kommun og er 238 km lang med eit nedslagsfelt på om lag 9800 km². Den lengste sideelva til Lilla Luleälven er Tarrajåkkå som spring ut sør for Sarek. Elva renn søraustover, gjennom Saggat, Skalka og Randijaure før ho når Jokkmokk. Etter Jokkmokk, renn ho mot Vuollerim der ho renn saman med Stora Luleälven. Dei største sideelvane hennar er Rapaälven og Pärlälven. Elva er regulært.
Det ligg fleire vasskraftverk langs elva. Alle av dei er eigd av Vattenfall AB. Kraftverka har forstyrra mange av dei tradisjonelle vandringsrutene til samane i området.
NamnÅr ferdigNormal årleg energiproduksjon (GW•h)Maksimum kapasitet (MW)Seitevare1967787225Parki19708520Randi197622686Akkats1973565158Letsi19671850456
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lesser Lule River» frå , den 21. juni 2012.
Kategori:Elvar i Sverige Kategori:Lule älv-vassdraget