Vladimir Jevgenjevitsj Krutov () var ein russisk ishockeyspelar frå Moskva.
Krutov var frå 1980 til 1989 venstreving i angrepsrekka på det sovjetiske landslaget i ishockey og åra 1977-89 på klubblaget CSKA Moskva. Han vart olympisk meister to gongar og vann seks verdsmeisterskap med Sovjetunionen i tida 1981-89. Krutov utgjorde saman med Igor Larionov og Sergej Makarov førsterekka på det sovjetiske landslaget, kalla KLM-rekka.
Frå 1989 til -90 spela Krutov på Vancouver Canucks, deretter 1990-92 på Zürcher SC i Sveits og sidan på svenske Östersunds IK 1992-95 og Brunflo IK 1995-96.
Han døydde 6. juni 2012 på eit sjukehus i Moskva av indre blødningar og leversvikt som følgje av ein bilulykke 4. juni 2012.
OL-medaljar 1984 Sarajevo - gull i ishockey med Sovjetunionen 1988 Calgary - gull i ishockey med Sovjetunionen 1980 Lake Placid - sølv i ishockey med Sovjetunionen
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vladimir Krutov» frå , den 23. juni 2012.
Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1988 Kategori:Døde i trafikkulukker Kategori:Folk frå Moskva