Åre kommune (sørsamisk: Ååren tjïelte) ligg i det svenske länet Jämtlands län i Jämtland. Administrasjonssenter i kommunen er Järpen. Tettstaden Storlien ligg like ved grensa til Noreg og er kjend for omfattande grensehandel. VM i alpint 1954 og VM i alpint 2007 vart arrangert i Åre.

Samisk språk Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunenDet svenske Språkrådets nettsider, om minoritetsspråk og Åre kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.

Tettstader Åre kommune hadde seks tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar 1. Järpen 1 439 2. Åre 1 260 3. Mörsil 674 4. Duved 637 5. Undersåker 384 6. Hallen 223

Venskapsbyar

Åre kommune har to vennskapsbyar:

Stad og land Meråker, Noreg Zărneşti, RomaniaSidan 1994 2002

Sjå òg Åre gamle kyrkje

Bilete

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Åre kommune» frå , den 27. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kommunar i Jämtlands län