1797 (romartal MDCCXCVII) var eit vanleg år (utan skotdag) som byrja på ein sundag. Den franske revolusjonen og revolusjonskrigane prega dette året.
Hendingar
Utlandet mini|Flagget til Den cisalpinske republikken. 7. januar: Den cisalpinske republikken tok i bruk ein trikolor som skulle utvikla seg til det italienske flagget. 18. februar: Den spanske guvernøren av Trinidad overgav kolonien til ei britisk marinestyrke leia av Sir Ralph Abercromby. 22-24. februar: Siste invasjonen av Storbritannia, der styrkar frå det revolusjonære Frankrike gjekk i land i Wales, blei slått tilbake. 17. april: Sir Ralph Abercromby utførte eit mislukka åtak på San Juan på Puerto Rico. 12. mai: Revolusjonskrigane. General Napoleon Bonaparte erobra Venezia, som til då hadde hatt sjølvstende i over tusen år. Den siste dogen av Venezia, Ludovico Manin, gjekk av. 17. oktober: Freden i Campo Formio gjorde slutt på den første koalisjonen og krigen mellom Frankrike og Austerrike, første delen av revolusjonskrigane. Robert Fulton konstruerte han ein u-båt, Nautilus, og testa han ut i Seinen.
Noreg 27. desember: Hans Nielsen Hauge vart arrestert for brot mot Konventikkelplakaten.
Fødde
10. januar: Annette von Droste-Hülshoff, tysk forfattar 31. januar: Franz Schubert, austerriksk komponist 30. august: Mary Wollstonecraft Godwin, britisk forfattar kjend som Mary Shelley 7. oktober: Peter Georg Bang, dansk jurist og statsminister 29. november: Gaetano Donizetti, italiensk komponist 13. desember: Heinrich Heine, tysk diktar Utagawa Kuniyoshi, japansk kunstnar (ukjend dato)
Døde mini|Mary Wollstonecraft, måla om lag det året ho døydde av John Opie.
22. februar: Karl Friedrich Hieronymus Freiherr von Münchhausen, tysk offiser kjend som eventyraren og løgnaren Baron von Münchhausen 2. mars: Horace Walpole, engelsk politikar 26. mars: James Hutton, skotsk nyskapande geolog 31. mars: Olaudah Equiano, afrikansk-britisk forfattar og slaverimotstandar, også kjend som Gustavus Vassa 9. juli: Edmund Burke, irsk filosof 10. september: Mary Wollstonecraft, britisk feminist og forfattar, etter fødselen av dottera Mary (Shelley) 9. oktober: Vilna Gaon, litauisk rabbinar Agonglo, konge av Dahomey
nv:1751 – 1800