mini|Frå Fjälkinge Fjälkinge (tidlegare dansk Fjelking) er ein tettstad i Kristianstads kommun i Skåne län i Sverige. Han ligg ca. 8 km aust for Kristianstad ved E22 mellom Kristianstad og Bromölla, og er det femte største tettstaden i Kristianstads kommune. I 2010 hadde tettstaden 1 690 innbyggjarar.
Tettstaden voks fram omkring jernbanestasjonen, som kom til i 1874.
Den mest kjende personen som er fødd i Fjälkinge er Johan Henrik Thomander (1798–1865), som var professor, biskop, forfattar og representant i Svenska akademien frå 1855 til 1865 på stol nummer 18.
I Fjälkinge er det matvarebutikk, bank, to pizzeriaer, tannlege og frisør. Inntil 1985 var det òg postkontor, brannstasjon og jernbanestasjon i Fjälkinge, institusjonar som etter kvart er blitt nedlagde.
Fjälkinge skule har no elevar frå første til niande klasse, etter at skulen blei utbygd i 1996. Tidlegare blei elevar overførte til andre skuler i kommunen når dei byrja i 7. klasse. Skulen har eigen idrettshall, fotballbane og basketballbane.
Fjälkinge kyrkje Fjälkinge kyrkje er bygd på slutten av 1100-talet i romansk stil. Kyrkja har eit eige museum som viser ulike gjenstander frå historia til kyrkja. Museumet held ope etter gudstenester eller etter avtale.Humleslingan brosjyre)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fjälkinge» frå , den 1. juli 2012. oppgav desse kjeldene:
Bibliografi Boken om Fjälkinge av Paul Pennlöw (1986) Boken om Fjälkinge II — Byn genom tida av Paul Pennlöw (1992)
Kategori:Kristianstads kommun Kategori:tettstader i Skåne län