Aulus Vitellius Germanicus (), kjend som Vitellus, var romersk keisar i firekeisaråret 69 frå 26. april til han blei drepen 22. desember.

Vitellus var ein av revolusjonskeisarane. Dei andre tre keisarane i firekeisaråret var Galba, Otho og Vespasian. Vespasian etterfylgde Vitellus som keisar.

Liv og virke Bakgrunn Vitellius var son av Sextilia og Lucius Vitellius, som under keisar Tiberius av overstatthaldar for Syria med eit visst ansvar også for Palestina.

Vitellius var romersk konsul i 48, og prokonsul-guvernør for provinsen Africa i anten 60 eller 61. I 68 blei han utnmend av Galba til å bli kommandant for dei romerske styrkane i sørlige Tyskland (Germania Inferior).

Keisar I forviklingane etter at keisar Nero døydde utropte styrkane i Germania Superior og Germania Inferior han til keisar den 2. januar 69,Encyclopædia Britannica, oppslagsord Vitellius, Aulus og Caecina Alienus, Aulus tretten dagar før Otho blei keisar. Kommandantane for dei to legionane ved Rhinen, Caecina og Fabius Valens, nekta å fornya truskapseidane sine til Galba 1. januar 69, og utropte i staden Vitellius til keisar. Vitellus blei aldri anerkjend som keisar av heile Romarriket, men blei godteken av Det romerske senatet og gjeven dei vanlege keisarlege ærestitlane. Vitellus gjekk inn i Italia i spissen for udisiplinerte soldatar som plyndra, drap og festa då dei kom til Roma. For å løna legionærane sine utvida Vitellius Praetorianargarden med sine eigne menn frå Rhinhæren.

Fall mini|venstre|'Vitellius dregen gjennom gatene i Roma av folket'. Måleri av Georges Rochegrosse frå 1883. I juli 69 fekk Vitellius høyar at styrkane i dei austlege provinsane hadde utropt ein annan keisar - kommandøren si Titus Flavius Vespasianus. Vitellius blei forlaten av mange støttespelarar, og førebudde seg på å seia frå seg keisartittelen.

Tacitus fortel at Vitellius vneta på hæren til Vespasian ved Mevania. Marcus Antonius Primus, kommandøren for den sjette legionen i Pannonia, og ein av støttespelarane til Vespasian var blitt einige om ein avtale der Vitellus gav frå seg trona. Då han var undervegs for å leggja frå seg keisarsymbola i Concordiatemplet, blei han stoppa av Pretonianargaren og tvinga til å venda tilbake til keisarpalasset.

Då styrkane til Vespasian gjekk inn i Roma kjempa støttespelarane til Vitellius, for det meste sivile, imot med spyd, steinar og anna dei kunne kasta. Ifølgje Cassius Dio omkom 50 000 folk i slaget om Roma. Til slutt blei Vitellius funnen i gøymestaden sin (ifølgje Tacitus i losjiet til ein portvakt), teken til Dei gemoniske trappene og drepen av støttespelarane til Vespasian. Liket hans blei ifølgje Suetonius kasta i elva Tiber. Ifølgje Cassius Dio blei Vitellius halshoggen og hovudet hans teke rundt og synt fram Roma. Bror og son hans blei også drepne.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vitellus» frå , den 26. juli 2019. oppgav desse kjeldene:

Primærkjelder Cassius Dio, Roman History, fragments of Book 64 (English translation by Earnest Cary on LacusCurtius). Plutarch, Life of Galba (English translation by A.H. Clough on Wikisource). Suetonius, The Twelve Caesars, Vitellius (English translation by John Carew Rolfe on Wikisource). Tacitus, Annales (Tacitus) (English translation by Alfred John Church and William Jackson Brodribb (1876) on Wikisource).

Sekundærkjelder

Biography at Livius Biography at De Imperatoribus Romanis

Kategori:Fødde i 10-åra Kategori:Romerske keisarar