mini|Flyfoto av Abu Dhabi på kysten av Persiabukta.

Abu Dhabi ( ) er hovudstaden og den nest største byen i Dei sameinte arabiske emirata (etter Dubai), og hovudstaden i emiratet Abu Dhabi, det største av dei sju emirata i landet. Abu Dhabi ligg på ei T-forma øy som stikk ut i Persiabukta frå den sentrale vestkysten. Sjølve byen hadde 1,5 millionar innbyggjarar i 2014.

Abu Dhabi husar statlege departement og er setet for den emiratarabiske regjeringa, heimstaden til emiratfamilien i Abu Dhabi og presidenten i Emirata, som kjem frå denne familien. Den raske utviklinga og urbaniseringa i Abu Dhabi, i tillegg til den relativt høge inntekta til innbyggjarane, har omgjort byen til ein stor og avansert metropol. I dag er byen det politiske og industrielle senteret i byen, og eit stort kultur- og handelssenter. Abu Dhabi står for kring to-tredjedelar av den kring 400 milliardar dollar store økonomien til Dei sameinte arabiske emirata.Gulfnews: Abu Dhabi Economy Grows 5.2 % In 2013, Slower Than Expected . www.gulfnews.com (3. juni 2014). Henta 31. juli 2016.

Abu Dhabi er den fjerde mest dyraste byen for utanlandske arbeidarar i Midtausten og var i 2014 den 68. mest dyre byen i verda. Fortune og CNN skreiv i 2007 at Abu Dhabi er den rikaste byen i verda og har ein stad mellom 800 og 875 milliardar USD. Sovereign Wealth Fund Institute set dette talet til 773 milliardar US.

Historie

Abu Dhabi har mange arkeologiske funn som peikar til tidlege sivilisasjonar, som Umm an-Nar-kulturen, som heldt til her kring 2000-talet fvt. Ein har funne busetnader lenger unna den moderne byen, nærare den moderne byen Al Ain. Ein har òg gjort funn nær fjellet Hafeet (Jebel Hafeet), som har ei strategisk plassering med godt utsyn over området kring. Her finst òg ein del vatn i kjelder og innsjøar, som var langt meir fuktig for fleire tusen år sidan.

Opphavet til namnet «Abu Dhabi» er uvisst. Det tyder «Faren til gasellen», og referer truleg til dei få gasellane som lever i emiratet. Det opphavlege namnet til Abu Dhabi var Milh eller «salt», kanskje etter det salte vatnet i Persiabukta, eller det salte marsklandet kring byen. Somme beduinar kallar byen Umm Dhabi (Mor til gasellen). I følgje somme historiske kjelder vart namnet Abu Dhabi først teken i bruk kring 300 år sidan.

Bani Yas-beduinane heldt opphavleg til i Liwa-oasen. Denne stamma var den viktigaste i området, og hadde over 20 underfamiliar. I 1793 flytta Al Bu Falah-delen av familien til øya Abu Dhabi på kysten av Persiabukta då det vart oppdaga ferskvatn der. Ein familien i denne avdelinga var Al Nahyan-familien. Denne familien utgjer den regjerande familien i Abu Dhabi i dag.

Abu Dhabi arbeidde i perleindustrien og handel med andre. I følgje ei kjelde var Persiabukta den beste staden for å finne perler. Perledykkarar var under vatn i eitt til eitt og eit halvt minutt, og kunne dykke opp til tretti gonger om dagen. Det fanst ikkje oksygentankar og alle former for mekanisk utstyr var forbode. Dykkarane hadde ei naseklype av lêr, og lêr som dekka fingrane og storetåa for å verne dei medan dei leita etter østers. Dykkarane fekk ikkje betalt dagsløn men fekk ein del av inntektene for sesongen.

Traktatkysten På 1800-talet vart det inngått ei rekkje avtalar mellom Storbritannia og sjeikane for dei arabiske statane ved Persiabukta, og britane vart den dominerande makta i området. Hovudføremålet til den britiske interessa var å verne handelsruta til India frå sjørøvarar, og området hadde tidlegare blitt kalla «Piratkysten». Etter sjørøververksemda vart stoppa, kom andre omsyn på tale, som det stratgiske behovet til britane om å ekskludere andre stormakter frå området. Etter at dei trekte seg attende frå India i 1947, heldt britane påverknaden sin over Abu Dhabi sidan interesse for oljepotensialet i Persiabukta voks.

Den første olja I 1930-åra minka perlehandelen, samstundes som interessa for mogeleg oljeførekomstar auka i regionen. Den 5. januar 1936 gjekk Petroleum Development (Truce Coast) Ltd (PDTC), eit selskap under Iraq Petroleum Company, inn i ein konsesjonsavtale med herskaren sjeik Shakhbut bin Sultan al Nahyan for å leite etter olje. Dette vart føldl opp av ein 75-års konsesjonsavtale i januar 1939. På grunn av ørkenterrenget var det vanskeleg å drive med oljeleiting i de i indre områda. I 1953 fekk D'Arcy Exploration Company, eit selskap under BP, ein offshore-konsesjon som så vart overført til eit selskap skapt for å vere operatør for konsesjonen: Abu Dhabi Marine Areas (ADMA) som var eit prosjektsamarbeid mellom BP og Compagnie Française des Pétroles (seinare Total). I 1958 fann ADMA Enterprise olje med ein boreplattform på Umm Shaif-feltet. Ein nytt felt vart funnen i 1959 ved Murban nr. 3.Morton, Michael Quentin, «The Abu Dhabi Oil Discoveries», GEO Expro article, issue 3, 2011.GEO ExPro - The Abu Dhabi Oil Discoveries

I 1962 oppdaga selskapet Bu Hasa-feltet og ADMA følgde i 1965 med Zakum-feltet. I dag er i tillegg felta Asab, Sahil og Shah på land og al-Bunduq og Abu al-Bukhoosh til sjøs viktige oljefelt.

Geografi

mini|Abu Dhabi sett frå satellitten SPOT. Byen Abu Dhabi ligg nordaust i Persiabukta på Den arabiske halvøya. Han ligg på ei øy mindre enn 250 meter får fastlandet og er knytt til fastlandet via bruene Maqta og Mussafah. Ei tredje, Sheik Zayed Bridge, designa av Zaha Hadid, opna seint i 2010. Abu Dhabi-øya er òg knytt til Saadiyatøya via ein fem-felts motorveg. Al-Mafraq-brua knyter byen til Reemøya og stod ferdig tidleg i 2011. Dette er ei trafikkmaskinbru med 27 felt og høve til å la kring 25 000 bilar passere i timen. Det er tre store bruer knytt til prosjektet og den største har åtte felt, fire av dei frå Abu Dhabi by og fire inn.

Det meste av Abu Dhabi by ligg på sjølve øya, men det ligg fleire forstader på fastlandet, som Khalifa City A, B og C;http://www.iscadkc-sabis.net Khalifa City Al Raha Beach; Al Bahia City A, B og C, Al Shahama, Al Rahba, Between Two Bridges, Baniyas og Mussafah Residential.

Klima Abu Dhabi har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh). Ein kan vente seg blå himmel året rundt. Frå juni til september er det generelt ekstremt varmt og fuktig med maksimumstemperaturar i snitt over 38 °C. I denne tida oppstår det stundom sandstormar som i somme tilfelle kan redusere sikta til nokre få meter.

Den kjøligare årstida er frå november til mars, då temperaturane varierer frå moderat heitt til kaldt. I denne perioden kan ein òg få tett tåke somme dagar. Januar er den kjøligaste månaden, medan juli og august er dei heitaste.

mini|none|portrett=2|Panorama av corniche-vegen.

Bydelar mini|Skyskraparar ved den vestlege corniche-vegen, Al Ras Al Akhdar, i mars 2013. Etihad Towers til høgre.

Al Aman Al Bateen Al Dhafrah Al Falah Al Karama Al Khubeirah Al Lulu-øya Al Madina Al Manaseer Al Manhal Al Maqtaa Al Markaziyah Al Meena Al Moroor Al Mushrif Al Muzoon Al Nahyan Al Qubesat Al Ras Al Akhdar Al Reem-øya Al Rehhan Al Rowdah Al Zaab Al Zahiyah Al Zahraa Al Khalidyah Bain Al Jisrain Hideriyyat Khalifa City Marina Village Masdar City Muhammed Bin Zayed City Saadiyatøya Shakhbout City Officers City Qasr El Bahr Qasr El Shatie Yasøya

Arkitektur mini|Gatebilete.

Byen vart planlagt med rettleiing frå sjeik Zayed av den japanske ariktekten Dr Takahashi i 1967 for ein folkesetnad på 40 000.http://www.thenational.ae/news/uae-news/building-a-city-from-the-sands#page1 Abu Dhabi har varierande folktettleik, med høg arbeidsstettleik i dei sentrale områda, høg bustadstettleik i sentrum og lågare tettleik i forstadane. I dei folketette områda kjem konsentrasjonen av mellomstore og høge byggningar. Av kjende skyskraparar i Abu Dhabi finn ein Abu Dhabi Investment Authority Tower,Abu Dhabi Investment Authority Tower hovudkvarteret til Nasjonalbanken i Abu Dhabi, Hilton Hotel Tower og hovudkvarteret til Etisalat.Etisalat Headquarters Andre kjende, moderne bygg er Emiratepalasset med design inspirert av arabisk arkitektur.The Emirates Palace

Byplanen for Abu Dhabi fram til 2030 har oppfordra til å byggje fleire skyskraparar, og mange fleire er planlagde det neste tiåret, særleg i forretningsstrøk på Al Sowwah-øya og Al Reem-øya. Abu Dhabi har alt fleire superhøge skyskraparar. Some av dei høgaste er den 382 høge Central Market Residential Tower, det 324 m høge The Landmark og det 74 etasjar, 310 meter høge Sky Tower. Det finst mange andre skyskraparar over 150 meter som anten er godkjende eller føreslåtte.

Sjeik Zayed stormoské

Ein av dei viktigaste landemerka i byen er Sheik Zayed-moskeen. Designet og konstruksjonen skal visstnok «sameine verda» med bruk av kunstnarar og materiale frå mange land, som Italia, Tyskland, Marokko, Pakistan, India, Tyrkia, Iran, Kina, Storbritannia, New Zealand, Hellas og sjølvsagt Dei sameinte arabiske emirata.http://www.szgmc.ae/en/theory-and-implementation Meir enn 3 000 arbeidarar og 38 kjende entrepenørselskap tok del i bygginga av moskeen. Det vart vald naturlege materiale for det meste av bygget, som marmor, stein, gull, halvedelsteinar, krystall og keramikk. Bygginga byrja 5. november 1996 og dei indre bønehallane vart først opna i desember 2007.

Det er eit av dei mest vitja byggverka i Emirata.Sheik Zayed Grand Mosque Center

Parkar og hagagr Abu Dhabi har meir enn 2 000 velhaldne parkar og hagar og meir enn 400 km med kystlinje, der 10 km er offentlege strender.

Økonomi

Den store petroleumsrikdomen til Emirata har gjeve landet eit av dei høgaste bruttnasjonalprodukta per innbyggjar i verda og Abu Dhabi eig det meste av desse ressursane – 95 % av olja og 92 %http://www.emirates247.com/eb247/economy/uae-economy/abu-dhabi-s-oil-reserves-to-last-another-150-years-2010-03-31-1.100837 av gassen. Abu Dhabi held dermed 9 % av dei kjende oljereservane i verda og nesten 5 % av naturgassførekomstane i verda. Oljeprodusjonen i Emirata var i området 2,3 millionar fat kvar dag i 2010, og det er prosjekt for å auke produksjonen til 3 millionar fat.

I nyare tid har regjeringa byrja å gjere dei økonomiske planane meir mangfaldig. Det er derfor gjort store investeringa i Abu Dhabi i industri, eigedom, turisme og detaljsal.

Abu Dhabi er det mest velståande emiratet i landet og meir enn 1000 milliardar dollar vert investert verda over i byen aleine. Skatteprosenten i Abu Dhabi er, som i resten av landet, null for innbyggjarar og for føretak som ikkje er bankar eller oljeselskap. Etihad Airways har hovudkvarteret sitt i Abu Dhabi."Our offices." Etihad Airways. Henta 16. august 2016.

Demografi

I 2006 var folketalet i emiratet 1 463 ,491.Welcome to Abu Dhabi - Population , visitabudhabi.ae

Abu Dhabi er rangert som den 67. dyraste byen i verda og den nest dyraste i regionen etter Dubai.I 2013 var 476 000 av 2 330 000 innbyggjarar i emiratet emiratarabarar, medan nesten 80 % var utlendingar.

Majoriteten av innbyggjarane i Abu Dhabi er utanlandske arbeidarar frå India, Pakistan , Eritrea, Etiopia, Somalia, Bangladesh, Sri Lanka, Filippinane, Storbritannia og forskjellige land frå den arabiske verda. Somme av desse har vore i landet i mange tiår, men berre eit fåtal har fått emiratarabisk nasjonalitet.Abu Dhabi Expats

Samferdsle mini|Silver Taxi i Abu Dhabi. Abu Dhabi internasjonale lufthamn (AUH) er det viktigaste transportknutepunktet i byen og den nest travlaste flyplassen i landet med 9,02 millionar passasjerar i 2008,. lyplassen ligg på Abu Dhabi-øya og vart flytta der frå fastlandet i 1982.Welcome To Abu Dhabi internasjonale lufthamn . Abudhabiairport.ae. Henta 16. august 2016. Terminalen er dominert av Etihad Airways som er det nasjonale og nest største flyselskapet i landet. Flyplassen er for tida under utbygging og skal kunne ta i mot 50 millionar passasjerar i året når utbygginga er ferdig, og dermed bli ein stor konkurrent til Dubai internasjonale lufthamn.Abu Dhabi internasjonale lufthamn (AUH/OMAA). Airport Technology. Henta 16. august 2016.

mini|Bybuss nummer 56.