Edy Sixten Jernberg () var ein svensk langrennsløpar. Han var ein av Sveriges mestvinnande langrennnarar gjennom alle tider, med ni OL-medaljar og seks VM-medaljar. Mellom 1956 og 1964 vann han eitt individuelt gull i kvar av dei tre olympiske vinterleikane og to ski-verdsmeisterskapane som vart arrangert. Fire gull kom på femmila, medan han i 1960 under vinter-OL i Squaw Valley vann 30-kilometeren. Dessutan var han med på dei svenske stafettlaga som vann VM-gull 1962 og OL-gull 1964.
Karriere Jernberg var frå Lima i Malungs kommune i Dalarna og var heile si tid som aktiv medlem av Lima IF. Han vann femten individuelle gull under svenske meisterskap, og var med å sikre idrettslaget frå heimstaden fem SM-gull i 3x10 km stafett. Han døydde i Mora.
Medaljar i internasjonale meisterskap Ski-VM 1954 i Falun: Bronsemedalje på 4 x 10 km stafett Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo: Gullmedalje på 50 km, sølvmedalje både på 15 km og 30 km, bronsemedalje på stafetten Ski-VM 1958 i Lahti: Gullmedalje på 50 km og stafetten, bronse på 30 km Vinter-OL 1960 i Squaw Valley: Gullmedalje på 30 km, sølvmedalje på 15 km Ski-VM 1962 i Zakopane: Gullmedalje på 50 km og på stafetten Vinter-OL 1964 i Innsbruck: Gullmedalje på 50 km og på stafetten, bronsemedalje på 15 km
Gullmedaljar i svenske meisterskap 1955: 15 km og 50 km 1956: 15 km, 50 km og 3x10 km stafett 1957: 15 km, 30 km, 50 km og 3x10 km stafett 1958: 15 km 1959: 15 km og 3x10 km stafett 1960: 15 km, 30 km, 50 km og 3x10 km stafett 1961: 15 km, 30 km og 50 km 1964: 3x10 km stafett
Jernberg vann Vasaloppet i 1955 og 1960. Han vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje i 1956 og Holmenkollmedaljen i 1960.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sixten Jernberg» frå , den 15. juli 2012.
Bakgrunnsstoff Sixten Jernberg i olympedia.org
Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sverige Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1956 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1964