Per Eilert Elofsson () frå Röbäck i Umeå kommune er ein svensk, tidlegare langrennsløpar. Han vann verdscupen både i 2001 og 2002, og tre verdsmeisterskap. Elofsson tevla for IFK Umeå.
Under Ski-VM 2001 i Lahti vann Elofsson både 15 km og sidan 20 km duatlon. To år seinare vann han 20 km duatlon under Ski-VM 2003 i Val di Fiemme då han spurstlo ei rekke andre langrennarar, med norske Tore Ruud Hofstad på sølvplass og sin eigen landsmann Jörgen Brink på bronseplass.
Elofsson vart i ettertid tildelt bronsemedaljen i 20 km duatlon frå OL 2002 i Salt Lake City, etter at Johann Mühlegg vart diskvalifisert for dopingmisbruk.
Under Lahti-VM 2001 gjekk Elofsson Sverige inn til sølvmedalajar på 4x10 km stafett, etter at Finland vart diska frå VM-tittelen. To år seinare, under stafettevlinga i Val di Fiemme, gjekk Elofsson på tredje etappen Sverige i leiing med om lag 25 sekundar. Ankermannen Brink heldt på leiinga til han gjekk tom to km føre mål, dermed for Thomas Alsgaard og Axel Teichmann snøgt forbi, og Sverige og Elofsson måtte nøye seg med bronsemedaljar.
Gullmedaljar i svenske meisterskap 1999: 15 km og 30 km 2000: 50 km 2001: 15 km og 25 km duatlon 2002: 25 duatlon 2003: 15 km
Elofsson vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for 2001.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Per Elofsson» frå , den 17. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2002