K12 er det nest høgste fjellet i Saltorofjella, eit fjellområde i den indisk-kontrollerte delen av Karakorum. Fjellet ligg i grenseregionen mellom det pakistanske territoriet Gilgit-Baltistan og den indiske Kashmirregionen sørvest for Siachenbreen. Grensa er ikkje heilt fastlagd i detalj, men går truleg over toppen av K12. Namnet K12 kjem frå den første oppmålinga av Karakorum.

K12 ligg sørvest for Siachenbreen; ned over den nordaustlege sida av K12 flyt K12-breen og renn saman med Siachen. På vestsida av K12 renn breen saman med Bilafond-breane som vatnar Dansam River og til sist Indus.

Det er lite klatreaktivitet på K12, dels grunna det militære nærværet. Det første toppforsøket blei utført av Eric Shipton i 1960. Eit japansk taulag mislukkast i 1971, men i 1974 stod Shinichi Takagi og Tsutomu Ito som dei første på toppen. Begge omkom i ei fallulukke under nedstiginga. Året etter stod endå eit japansk lag på toppen. Som eit ledd i ein plan om å forhindre Pakistan frå å tilgang til Siachenbreen, tok den indiske hæren kontroll over toppen i 1984 og etter det er ingen toppforsøk registrert i Himalaya Index.Himalaya Index

Referansar

Litteratur Jerzy Wala, Orographical Sketch Map of the Karakoram, Swiss Foundation for Alpine Research, 1990. Jill Neate, High Asia: an illustrated history of the 7,000 metre peaks, The Mountaineers, 1989.

Kategori:Fjell i India Kategori:Fjell i Asia Kategori:Fjell i Pakistan Kategori:Karakoram