Normandia er ein kommune i delstaten Roraima i nordregionen av Brasil. Kommunen har ei flatevidd på 6966,81 km² og eit folketal på 9754. 98,6 % av landområdet høyrer til urfolksreservatet Raposa Serra do Sol. Resten av arealet omfattar administrasjonssenteret tett ved grensa mellom Brasil og Guyana.

Normandia har namn etter Normandie i Frankrike. Han blei folkesett av ei gruppe fangar som hadde flykta frå Djeveløya i Fransk Guiana. Ein av dei, Henri Charrière, blei kjend for boka Papillon om desse opplevingane. Medan Charrière forlét øya etter 4-5 år, blei andre flyktningar verande permanent i busettinga. Kommunen Normandia (Municipio de Normandia) blei formelt skipa i juli 1982 av land skild ut frå delstatshovudstaden Boa Vista.

Økologisk ligg Normandia i ei randsone mellom to økoregionar - den tropiske regnskogen i Amazonas og dei savanneaktige grasslettene cerrado. Overgangsområdet er lokalt kjend som lavrado. Lavradoen er relativt tørr samanlikna med regnskogsområdet, med eit årleg regnfall på mellom 1100 og 1400 cm.

Kjelder

Kategori:Kommunar i Roraima