Siril Helljesen () er ein norsk dressurryttar. Ho tevlar for Follo Hestesportklubb og er busett på Vinterbro i Ås kommune.

Siril Helljesen har gått på rideskule og ridd for instruktør frå ho var i 12-årsalderen. Ho har gode resultat frå diverse dressurritt-tevlingar, og deltok for fyrste gong under sommar-OL 2012 i London saman med hesten «Dorina».Østlandets Blad, 30.05.12: Siril Helljesen klar for OL i London Etter å ha fått underkjent ei øving då hesten vart skremt og fatta feil galopp, fekk ekvipasjen 69,985 på dressurprogrammet i kvalifiseringsrunden. Ekvipasjen var best av dei som vart slått ut, og berre 0,410 skilde dei frå å gå vidare i tevlinga.Akkurat ikke videre, NRK nyheter 03.08.2012, kl. 16.38 Dette var fyrste gong sidan 1956 at ein dressurryttar deltok for Noreg i olympiske leikar.

Kjelder

Bakgrunnstoff Profil hjå Norges Rytterforbund

Kategori:Norske ryttarar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Ryttarar under sommar-OL 2012