mini|NORD-1 fra 1968, den første Norsk Data minimaskina.Foto: Thomas Skogestad mini|To Nord-10 maskinar fotografert i lokale på NTNU.Foto: Jens Ådne Rydland mini|Norsk Data sitt tidlegare bygg i Olaf Helsets vei på Skullerud i Oslo.Foto: Hans-Petter Fjeld Norsk Data (ND) var ein minimaskinprodusent med hovudkontor i Oslo. Føretaket var til frå 1967 til 1992 og var mest aktiv frå tidleg på 1970-talet til midten av 1980-talet.

Historie Opphavet åt ND går attende til utviklinga av digitale datamaskinar ved Forsvarets forskingsinstitutt på Kjeller kor fleire tidlege datamaskinar vart laga, så som SAM og SAM 2 (også kjent som FLINK).

På grunn av framgangen frå denne utviklinga blei A/S Nordata - Norsk Data Elektronikk oppretta 8. august 1967 av Lars Monrad Krohn, Per Bjørge og Rolf Skår.

Selskapet vart ein signifikant leverandør av minimaskinar til mange forskingsprosjekt, og spesielt til CERN i Geneve der det blei valt som leverandør til eit partikkelakseleratorprosjekt. ND hadde òg ein stor kontrakt med Singer for ein leveranse av datamaskinar til flysimulatorar som F-16-simulatoren.

ND var ein stor leverandør til offentleg sektor i Noreg så vel som til universitet og andre innan utdanningssektoren. Men også private verksemder stod på kundelista, til dømes: Det Norske Meteorologiske Institutt, Jonas Øglænd, Kreditkassen, Norsk Tipping, Mobil Exploration Norway Inc, Elf Aquitaine, Stavanger Aftenblad og Kongsberg Våpenfabrikk.

Etter ei lengre tid med stor suksess starta ND daudspiralen tidleg på 1990-talet, i stor grad på grunn av at dei ikkje hadde sett for seg kva innverknad PC-en ville ha på marknaden og sterkare konkurranse frå unixmaskinar.

Norsk Datas teknologi blei vidareført av Dolphin.

Maskinvare Signifikante Norsk Data datamaskinmodellar var: Nord-1, 16-bit minimaskin utgjeven i 1968, køyrde TSS (sjå under) frå 1971 Nord-5, 32-bit supermini utgjeven i 1972 Nord-9 Nord-10, 16-bit mini utgjeven i 1973 Nord-10S Nord-50, andre generasjon 32-bit supermini i 1975 Nord-100, 16-bit, frå 1978 Nord-100/CE ND-100 Compact, siste leveranse 2001 ND-120CX ND-Satellite ND-500, tredje generasjon 32-bit supermini i 1981 ND-505, 28-bit-maskin tillaten gjennom austblokk-embargoen ND-510/CX ND-520 ND-540 ND-570/CX, verdas raskaste 32-bit supermini i 1983, 7.1 Whetstone MIPS ND-5000, fjerde generasjon 32-bit supermini i 1987 ND-5700 ND-5850, femte generasjon 32-bit supermini i 1987 ND-5904

Programvare Norsk Data tilbaud òg eit utval av system- og brukarprogramvare: TSS – Nord tidsdelingssystem frå 1971 SINTRAN – operativsystem for Nord 10 og seinare modellar, versjon III frå 1973, III/VS i 1974 SIBAS database i 1975 Fortran-kompilator BASIC-kompilator Cobol-kompilator Pascal-kompilator utvikla i Kiel, Tyskland QED – linjeorientert teksthandsamingsprogram PED – sideorientert teksthandsamingprogram NOTIS – integrert teksthandsaming- og databasepakke

Verd å notere: Verdsveven oppstod då Tim Berners-Lee skreiv Enquireprogrammet på ein SINTRAN III minimaskin i CERN.

Bakgrunnsstoff Computer-Archiv - Norsk Data

Kategori:Konkursråka føretak Kategori:Skipingar i 1967 Kategori:Nedleggingar i 1992 Kategori:Tidlegare datamaskinprodusentar Kategori:Tidlegare føretak i Oslo