mini|Propagandaplakat mot britiske troppar i Hellas i samband med Dekemvriana-konflikten i 1944. Rasisme er menneskesyn, politikk eller ideologi som går inn for rasediskriminering, og som med uvitskapleg bruk av raseomgrepet ofte blir nytta til å rettferdiggjera rasehat og underkuing av andre folk og folkeslag.Definisjonar frå 2008 og Norsk Allkunnebok 1959
Forbod mot rasisme Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) slår fast at menneskerettane gjeld uavhengig av mellom anna rase.Den europeiske menneskerettskonvensjonen EMK Artikkel 14 har eit forbod mot diskriminering, mellom anna på grunn av rase. EMK Artikkel 14
I Noreg er diskriminering på grunnlag av etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming eller hudfarge forbode ved lov.Diskrimineringslova § 4 Positiv særbehandling for å fremje likestilling er likevel tillatt. Om nokon blir dømd for å ha utøvd grov vald eller grovt skadeverk, vil straffa bli skjerpa dersom brotsverket er rasistisk motivert.Straffelova § 232Straffelova § 292
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Diskriminering Kategori:Ismar