Karabucakskogen er ein skog i Tyrkia. Han ligg sør for Tarsus i provinsen Mersin. Skogen er planta med eukalyptus i ein del av skogen og pinje og strandfuru i ein nyare del.Coastal Planning report, p.19

I antikken var Tarsus ein hamneby ved Middelhavet, men på grunn av avleiringar frå Berdanelva vart kystlinja gradvis flytta sørover. På 500-talet var kystlinja eit godt stykke unna byen og ein liten lagune kalla Rhegma hadde danna seg. Her vart det stundom flaum i regnfulle periodar og keisar Justinian I (regjerte 527-565) fekk bygd ein kanal aust for byen for å lette vasstraumen. Dette er i dag det noverande elveleiet. Etter 600-talet voks innsjøen gradvis til og vart til ei myr, men dette førte til at tilfelle av malaria auka kraftig. I 1939 vart det derfor avgjort å drenere myra og det vart planta eukalyptustre på staden.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karabucak Forest» frå , den 5. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Provinsen Mersin Kategori:Skogar i Tyrkia