mini|Ei flytebryggje for småbåtar i L'Aberwrac'h i Bretagne i Frankrike, fotografert ved lågt vatn. Av di det er særs stor skilnad på flo og fjøre langs desse kystane, vert flytebryggja halde på plass av solide stolpar som er sett ned i sjøbotn, og som bryggja hever og senker seg opp og ned etter. mini|Same flytebryggja ved høgt vatn. Flytebryggje er ei kai som flyt i sjøen og halde på plass ved å vere festa til sjøbotn ved kjettingar, stolpar eller annan innretning på eit vis som gjer at bryggja fritt kan fylgje skiftingane i tidvatnet. Føremonen med dette er at bryggja alltid har same høgd over vatnet, uavhengig av flo og fjøre. Flytebryggjer vert i stor utstrekning nytta i hamner for fritidsbåtar, såkalla marinaer. mini|venstre|800px|Flytebryggjer i Frognerkilen i Oslo. Verdas fyrste flytebryggje for cruiseskip vart bygd sumaren 2012 i Skjolden i Luster kommune i Sogn og FjordaneGytri, A. og Osland, M.S., Her testar dei ut verdas første flytebryggje for cruiseskip, NRK.no, 11/8-2012..
Kjelder
Kategori:Hamner