Douglas Hartree () var ein britisk matematikar og fysikar. Hartree er kjend for utviklinga av praktiske reknemetodar og reknemaskinar til bruk i praktisk fysikk, men er mest kjend for utrekningar av bølgjefunksjon til atomet og skildringa av kraftfeltet kring atomkjernen.

Frå 1929 til 1937 var han professor i bruksmatematikk i Manchester, og fram til 1946 var han professor i teoretisk fysikk på same stad. Han vart så professor i matematikk i Cambridge.

Kjelder Douglas Hartree. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Douglas_Hartree

Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Engelske matematikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå Cambridge Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Numeriske analytikarar Kategori:Matematiske fysikarar