Provinsen Izmir (tyrkisk İzmir ili) er ein provins i Tyrkia vest i Anatolia ved kysten av Egearhavet. Hovudstaden i provinsen er İzmir. I vest er provinsen omgjeven av Egearhavet og ligg kring İzmirbukta. Han har eit areal på 11 973 km.2, og tett opp under fire millionar innbyggjarar. Naboprovinsane er Balıkesir i nord, Manisa i aust og Aydın i sør.

Dei største elvane i provinsen er Küçük Menderes, Koca Çay (med Güzelhisardemninga) og Bakır Çay.

Distrikt Provinsen Izmir er delt inn i 30 distrikt (byistrikt er utheva): Aliağa Balçova Bayındır Bayraklı Bergama Beydağ Bornova Buca Çeşme Çiğli Dikili Foça Gaziemir Güzelbahçe KarabağlarKaraburun Karşıyaka Kemalpaşa Kınık Kiraz Konak Menderes Menemen Narlidere Ödemiş Seferihisar Selçuk Tire Torbalı Urla

Av desse er Balçova, Bayraklı, Bornova, Buca, Çiğli, Gaziemir, Güzelbahçe, Karabağlar, Karşıyaka, Konak og Narlıdere kjernedistrikt som utgjer byen İzmir.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Izmir Province» frå , den 18. august 2012.

Bakgrunnsstoff İzmir guvernør si offisielle side İzmir kommune si offisille side