Hjartebergblom (Bergenia cordifolia) er ei eviggrøn fleirårig plante i bergblomslekta i sildrefamilien. Ho veks naturleg i Altaj og Mongolia. Arten er ei vanleg hageplante i dei nordiske landa. Mange botanikarar meiner at Bergenia cordifolia ikkje er ein eigen art, men derimot ein variant av arten Bergenia crassifolia,http://www.ars-grin.gov/cgi-bin/npgs/html/taxon.pl?404438 GRIN Bergenia crassifolia var. cordifolia (Haw.) Boriss.http://www.tropicos.org/Name/29100119?projectid=8 Flora of China
Hjartebergblomen har store, rosettstilte og lêraktige blad. Dei er omvendt eggforma med bukta eller svakt tanna rand. Oversida er blank og mørkegrøn, medan undersida er lysegrøn. Blada står på gjennom vinteren og endrar farge frå grøn til rustbrun til brunraud seint på hausten hos nokre sortar. Blomstrane sit samla i opprette blomsterstandar på tjukke stenglar ca. 30 cm over bladrosetten. Kvar blomster er klokkeforma og lyseraud til raudfiolett, avhengig av sorten. Frøa mognar særs sjeldan i Danmark og Noreg.
Planta har ein tjukk, krypande rotstokk like under jordoverflata. På grunn av veksemåten vil bladrosetten hevast lengre og lengre over jorda.
Hjartebergblom blir om lag 30 cm høg, men spreier seg i breidda. (30 x 50 cm/år). 4 planter kan dekke 1 m² på 3 år under gunstige tilhøve.
Etymologi Artsnamnet cordifolia tyder hjarteforma (cordate) og viser til bladforma.
Utbreiing Hjartebergblom veks på fuktige og snørike område og i fjellskog i Sentral-Asia (Altaifjella, Mongolia, Sibir).
Kultivarar Bergenia cordifolia 'Purpurea.' er den mest vanlege kultivaren. Bergenia cordifolia 'Winterglut' (Winter Glow) Bergenia cordifolia 'Senior.' Bergenia cordifolia 'Bressingham Ruby'
Kjelder
Bakgrunnsstoff Flora of China - Bergenia crassifolia
Kategori:Bergblomslekta Kategori:Plantar i Noreg