Mersin er ein stor by ved kysten av Middelhavet sør i Tyrkia. Han er ein del av eit samanhengande storbyområde med Adana og ligg vest i Çukurova, ein geografisk, økonomisk og kulturell region. Byen har 860 000 innbyggjarar (2011). Han ligg 65 km sørvest for Adana.
Mersin er viktig for den tyrkiske økonomien og hamna i Mersin er den største i Tyrkia. Kallenamnet til Mersin i Tyrkia er Middelhavet si perle og er vertsby for Middelhavsleikane 2013. Det går ferjesamband frå Mersin til Kypros. Byen har òg eit stort oljeraffineri.
Vest for byen ligg ruinane av den romerske hamnebyen Soli-Pompeiopolis.
Klima Mersin har eit typisk middelhavsklima (Köppen si klimaklassifisering: Csa) med varme og tørre somrar og varme og våte vintrar.
Venskapsbyar
Kushimoto, Japan Latakia, Syria West Palm Beach, USA Oberhausen, Tyskland Valparaiso, Chile
Kjente innbyggjarar Karacaoğlan - poet Musa Eroğlu - komponist og musikar Haldun Dormen - skodespelar og regissør Seyhan Kurt - forfattar og sosiolog Müfide İlhan - den første kvinnelege borgarmeisteren i Tyrkia på 1950-talet Ahmet Kireççi (også kjend som Mersinli Ahmet) - brytar Nevit Kodallı - komponist Nevin Yanıt - friidrettsutøvar Atıf Yılmaz - regissør og produsent
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mersin» frå , den 21. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Princeton Encyclopedia of Classical Sites Catholic Encyclopedia "Zephyrium" Mersin Guide
Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Çukurova Kategori:Kilikia Kategori:Tyrkiske hamnebyar ved Middelhavet Kategori:Stader i Tyrkia frå gresk antikk Kategori:Byar i den greske antikken Kategori:Romerske stader i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Mersin