Osmaniye er ein liten by i regionen Çukurova i Tyrkia, administrasjonssenter i provinsen Osmaniye. Byen har opp under 200 000 innbyggjarar og ligg 125 meter over havet.

Han ligg aust på Çukurova-sletta ved foten av Nurfjella, grensa mellom Anatolia og Midtausten. Osmaniye ligg langs Silkevegen, ein strategisk viktig stad som har vore busett av forskjellige sivilisasjonar som hettittane, persarane og romarane.

Klima Osmaniye har eit middelhavsklima. Somrane er særs varme og tørre medan vintrane er kjølige og våte.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Osmaniye» frå , den 23. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Osmaniye si offisielle side

Kategori:Çukurova Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Osmaniye