Uburen er ein karakteristisk fjellformasjon ved Forsand i Sandnes kommune i Rogaland. Fjellet ligg nord for Høgsfjorden, like aust for innløpet til Lysefjorden. Etter tradisjonen kjem namnet av at ein her kvitta seg med uønskte barn.
mini|venstre|Uburen (bak til høgre) sett frå Sokkanuten på andre sida av Lysefjorden. Framfor Uburen ligg Forsand, og ein kan sjå Lysefjordbrua nede til venstre
Uburens høgaste punkt ligg 440 meter over havet, men turstien går ut til ein noko lågare topp lengst ute, der fjellveggen stuper ned mot Høgsfjorden og Forsand. Her er det flott utsikt over ytre Ryfylke på klåre dagar. Stien startar på ein gamal anleggsveg frå dei tider då Lyse Energi bygde fjordspenn frå Uburen og over Høgsfjorden.
Kjelder Uburen - Topptur med dyster forhistorie
Kategori:Fjell i Sandnes