mini|Grafikk: Andreas Arnegger|upright=0.75 Knuten er eit vegbyggverk ved Ørjasæter i Opplendskedal, Geiranger i Møre og Romsdal.

Knuten er ei vegkurve på 270°. Den vart konstruert for å redusere vegstiginga, og kryssar seg sjølv med ei bru. Den var opphavleg del av Geirangervegen frå 1889, og er framleis i så god stand at små køyretøy kan passere.

På verdsutstillinga i Paris i 1900 fekk ingeniørane gullmedalje for konstruksjonen, med orda: «Du giver et godt bilde av den storartede norske fjeldnatur».

Den nye køyrevegen går forbi Knuten via ei skjering.

Fotogalleri

Bakgrunnsstoff

Kategori:Vegar i Stranda Kategori:Historiske vegar i Noreg Kategori:Turistmål i Møre og Romsdal Kategori:Kulturminne i Stranda Kategori:Freda bygg i Møre og Romsdal Kategori:Vegbruer i Møre og Romsdal