Villvin (Parthenocissus) er ei planteslekt i vinrankefamilien. Ho inneheld rundt 13 artar som alle er villige klatre- eller slyngplantar. Det vitskaplege namnet kjem frå gresk parthenos, «jomfru» og kissos, «eføy».
mini|Klatrevillvin (Parthenocissus quinquefolia) i haustfargar. mini|Detaljbilde av Parthenocissus quinquefolia.
Skildring Alle villvinartane er lauvfellende, forveda klatreplantar (lianar). Dei klatrar ved hjelp av slyngtrådar som har 4–12 greiner. Trådane har som regel hefteskiver. Blada er heile eller tre-, fem- eller sjukopla. Dei små, grøne blomane er tvikjønna og femtalige. Dei sit i ein forgreina klase. Frukta er eit blått bær med 1–4 frø. Blada har ein sterk, raud haustfarge.
Utbreiing Villvin er utbreidd i tempererte og tropiske delar av Asia og Nord-Amerika. I Asia finst det omtrent ti artar som er utbreidde frå Mandsjuria, Korea og Japan i nord sørover til Indonesia og vestover til India. Det finst tre artar frå austlege og sentrale Nord-Amerika; ein av disse finst også sørover til Mellom-Amerika og Karibia. I miocen og pliocen fanst slekta også i Europa saman med mange andre varmekrevjande planter som seinare forsvann frå verdsdelen.
Fleire artar av villvin er blitt innført til andre delar av verden og brukt som dekorative klatreplantar. I Noreg er det særleg 3 artar som er planta: alminneleg villvin (Parthenocissus vitacea) – Slyngande (uten hefteskiver), med 3-5 greiner. Blada er 5-kopla utan skaft. Villvinen er ogfte brukt til å kle husveggar, verandaer o.l. Blada blir raude om hausten. – Det finst ca. 3 underartar (variantar). klatrevillvin (Parthenocissus quinquefolia) – 5-12 greiner. Rankene hefter seg til flater med hefteskiver. Blada liknar på dei til vitacea, men er mindre, og med eit lite skaft. Fruktene er blå som mogne, men blir sjeldan mogne i Noreg. Blada blir klart raude om hausten. Planten blir brukt til å kle murveggar og fjellvegger, ettersom han fester seg direkte på underlaget. Det finst ca. 5 underartar (variantar). rådhusvillvin (Parthenocissus tricuspidata) – Mangegreina. Har kraftige, trelappa blad og hefteskiver på rankene. Villvinen er mindre hardfør enn dei andre to artane, og blir av den grunn berre brukt i kystnære strøk. Han dekker husveggar og murveggar som et teppe. Det finst ca. 7 underarter (variantar).
Artar Frå Asia Tre blad: Parthenocissus chinensis Parthenocissus heterophylla, frå Kina og Taiwan Parthenocissus semicordata, frå Himalaya Parthenocissus feddei Fem blad: Parthenocissus henryana, frå Kina Parthenocissus laetevirens Eit eller tre blad: Parthenocissus dalzielii, frå Aust- og Søraust-Asia Parthenocissus suberosa Parthenocissus tricuspidata, rådhusvillvin, frå Aust-Asia Frå Nord-Amerika Sju eller fem blad: Parthenocissus heptaphylla, frå Texas og Mexico Parthenocissus vitacea, vanleg villvin, frå vestlege og nordlege Nord-Amerika Parthenocissus quinquefolia, klatrevillvin, frå austlege Nord-Amerika
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Villvin» frå , den 12. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Planteslekter Kategori:Vinrankefamilien