Vanleg grøndusk er ein fleirårig grønalge som veks i Atlanterhavet, Austersjøen og Middelhavet. Han er vanleg langs heile kysten i Noreg. Planten veks på berg og steinar.
Utsjånad Planten er 5–20 cm høg, noko stiv, mørkegrøn og særleg rikt utstyrt med greintafsar. Forgreininga er tett, og greintafsane kan vere korte eller lange og retta til ulike sider. Tafsane er bygd av trådar av sylindriske celler i enkel rad.
Utbreiing Vanleg grøndusk er registrert i Austersjøen, Nordsjøen og Nord-Atlanteren og i Middelhavet, og i desse landa: Polen, Nederland, Belgia, Frankrike, Storbritannia, IrlandMarinespecies.org og Noreg.
Førekomst i Noreg Ein kan finna arten på 15-20 m djupn, men han er elles typisk for grunt vatn der han går inn som undervegetasjon i sagtangbeltet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vanlig grønndusk» frå , den 2. september 2012. Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori: Algar Kategori: Sjøplantar i Noreg