Tyligul (ukrainsk Тилігул) er ei elv i Odessa oblast sør i Ukraina, 168 km lang og opp til 10–20 meter brei. Ho drenerer eit område på 3 550 km². Ho spring ut i Det podolske høglandet og renn gjennom ein smal dal på veg til Svartehavssenkinga,der dalen vert breiare. Elva munnar ut i Tyligulestuaret.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tyligul River» frå , den 4. september 2012.
Kategori:Elvar i Ukraina Kategori:Odessa oblast