mini|Satellittbilete av Azovhavet. Nr. 5 markerer Arabatneset mini|Sørlege delar av Arabatneset. Utsyn frå Arabat festning. Arabatneset (ukrainsk Арабатська стрілка, Arabatska strilka; russisk Арабатская стрелка, Arabatskaja strelka; krimtatarisk Arabat beli), òg kalla Arabattunga, er ei landtunge som skil dei store, grunne og særs salte lagunane kalla Sivasj frå Azovhavet. Landtunga ligg mellom byen Henitsjesk i Ukraina og nord og nordaustsida av Krimhalvøya i sør. Ho er skild frå Henitsjesk av Henitsjesksundet (russisk Генический пролив).
Arabatneset er 112 km langt, og er frå 270 meter til 8 km brei; medan neset har eit areal på 395 km2. I snitt er breidda 3,5 km. Neset er lågt og rett på sida som vender ut mot Azovhavet, medan sida mot Sivasj er meir svingete. Strendene langs Azovhavet er populær og kysten her er langgrunn.Арабатская стрелка (på russisk) Temperaturen i sjøen er kring 0 °С om vinteren, 10–15 °С våren og hausten og 25–30 °С om sommaren.Sjutov, Part 5 Kring halve landtunga ligg i Kherson oblast i Ukraina og den andre halvparten høyrer til Krimhalvøya.Shutov, Introduction
Heilt sør på Arabatneset ligg den historiske Arabatfestninga, og som har gjeve namn til landtunga. Festninga vart bygd på 1600-talet av den tyrkiske armeen.
I 1968 vart scenar frå ein kjend sovjetisk film, Sluzjili dva tovarisjtsja filma ved neset.Arabat Foretress (på russisk)
Sjå òg Arabatbukta Barriereøy
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arabat Spit» frå , den 6. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Detaljert kart over Arabatneset
Kategori:Nes i Ukraina Kategori:Landtunger Kategori:Azovhavet