Andefamilien (Anatidae) høyrer til ordenen andefuglar (Anseriformes) som igjen går inn som del av klassen fuglar, Aves. Familien femnar om ender, gjæser og svaner. Fellestrekk for andefamilien er symjehud og nebb som er flata ut i ei viss grad. Familien har ei kosmopolitisk utbreiing, finst på kontinenta i verda bortsett frå Antarktis og på dei fleste av øygruppene i verda. Dette er fuglar som er tilpassa gjennom evolusjonen for symjing på vassoverflata, og i nokre tilfelle dukking, i det minste på grunt vatn. Familien inneheld rundt 160 artar i 50 slekter. Dei er generelt planteetarar, og er monogame hekkefuglar. Ei rekkje artar er trekkfuglar. Nokre få artar er gjort til fjørfe i husdyrhald, både gjæser og ender er endra gjennom avl – tamgjæser. Dun frå ender og gjæser og spesielt ærfugl har vore høgt skatta gjennom lang tid. Mange andre er jakta på for mat og rekreasjon. Fem artar er utdøydde etter år 1600, og mange fleire er trua av utrydding.
Skildring og økologi
Ender, gjæser og svaner er små til store fuglar som har ein generell brei og langstrakt kropp.Carboneras, C. (1992). Dukkartar varierer frå dette i å vere rundare. Ein finn variasjon i storleik frå beltedvergand, så lita som 26,5 cm og 164 gram, til trompetersvane, på så mykje som 183 cm og 17,2 kg. Vengene er korte og spisse, og støtta av sterke vengmusklar som genererer raske rytmar i flukt. Dei har vanlegvis lang hals, men dette varierer mellom artane. Beina er korte og sterke, og sit langt på baksida av kroppen, mest på dei meir akvatiske artane. Kombinert med kroppsforma kan akvatiske gjere nokre artar klossete på land, men dei er betre til fots enn andre vassfuglar som dukkarar og sjøfuglar som petrellar. Dei har symjeføter. Nebba av dei fleste artane er utflata i større eller mindre grad. Desse inneheld rifla lamellar som er særleg effektive hos artar som filtrerer føde frå vatn.
Fjørene er gode til å støyte bort vatn på grunn av spesielle feittstoff. Mange av endene viser kjønnsdimorfisme, med hannane som meir fargerike enn hoene, jamvel om fenomenet er snudd om hos artar som maorirustand. Svaner, gjæser og plystreender manglar kjønnsdimorfisme i fjørdrakt. Ender, gjæser og svaner er vokale fuglar, produserer ei rekkje variantar av kvak- og snadrelydar, tutelydar, trumpetlydar og anna avhengig av art, ofte har hoer ei djupare stemme enn hannfuglane.Todd, F. (1991)
Ender, gjæser og svaner er generelt planteetarar som vaksne, beitar på ulike vassplantar, sjølv om nokre artar òg et fisk, blautdyr, eller akvatiske leddyr. Ei gruppe, Mergus-artane, er primært fiskeetande, og har ein tagga nebb til å ta fisk. Hos ei rekkje artar, vil ungfuglane inkludere ein høg del av virvellause dyr i kosthaldet, men blir reine planteetarar som vaksne.
Hekking Artane i andefamilien er generelt sesongmessige og monogame hekkarar. Nivået på monogami varierer innan familien, mange av dei mindre endene berre oppretthalde bindinga for ein sesong, og finn ein ny partnar året etter, medan dei større svaner, gjæser og nokre av dei meir territoriale endene opprettheld parsamband over ei rekkje år. Anatidae er særmerkt for å vere ein av få fuglefamiliar der hannfuglar har penis,McCracken, K. (2000) dei fleste artane er tilpassa for paring på vatn. Dei konstruerer enkle reir frå materialar i nærleiken, ofte fôrar dei reiret med eit lag av dun plukka frå brystet til hoa. Hos dei fleste artane rugar berre hoa egga. Ungane er godt utvikla ved klekking, og er straks i stand til å finne føda sjølv. Ein avvikande art er gaukand, ein komplett reirparasitt som legg egga sine i reir av måsar og sothøner. Ei rekkje andre ender kan av og til legge egg i reira åt andre fuglar av same arten i tillegg til å produsere sine eigne ungekull.
Tilhøve til menneske
Edderdun, gåsefjør fjør frå andre ender har lengje vore populært isolasjonsfyll for sengeteppe, puter, soveposar og jakker. Medlemmene i denne familien har òg lengje vore brukt til mat.
Menneske har hatt eit langt tilhøve med ender, gjæser og svaner, dei er viktige økonomisk og kulturelt til menneske, og fleire andeartar har drege nytte av ei tilknyting til menneske. På den anna side er nokre Anatidae øydeleggjande skadedyr i jordbruket, og har fungert som vertar for zoonosar som fugleinfluensa.
Slekter Slektene i Anatidae i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Slekt Dendrocygna, 8 artar av plystreender Slekt Thalassornis, kvitryggand Slekt Anser, 11 artar av «grå og kvite gjæser» Slekt Branta, 6 artar «svarte gjæser» Slekt Cereopsis, hønsegås Slekt Stictonetta, frekneand Slekt Cyanochen, blåvenggås Slekt Cygnus, dei 6 «verklege» svanene Slekt Coscoroba, coscorobasvane Slekt Sarkidiornis, kamand Slekt Pteronetta, mahogniand Slekt Oressochen, amazongås og andesgås Slekt Chloephaga, 5 gjæser i Sør-Amerika Slekt Alopochen, niland Slekt Tadorna, 6 artar rustender og gravender Slekt Plectropterus, sporegås Slekt Tachyeres, 4 skovleender Slekt Lophonetta, duskand Slekt Speculanas, bronsevengand Slekt Cairina, knoppand Slekt Nettapus, 3 dvergender Slekt Callonetta, prydand Slekt Aix, brudeand og mandarinand Slekt Chenonetta, mankeand Slekt Amazonetta, brasiland Slekt Hymenolaimus, kaskadeand Slekt Merganetta, straumand Slekt Salvadorina, tigerand Slekt Sibirionetta, gulkinnand Slekt Spatula, 10 grasender Slekt Mareca, 5 grasender Slekt Anas, 29 artar grasender Slekt Malacorhynchus, leppeand Slekt Marmaronetta, marmorand Slekt Asarcornis, jungeland Slekt Netta, 3 typiske dukkender Slekt Aythya, 12 dukkender Slekt Polysticta, stellerand Slekt Somateria, 3 artar ærfuglar, marine Slekt Histrionicus, harlekinand Slekt Melanitta, 4 marine ender Slekt Clangula, havelle Slekt Bucephala, 3 artar som et fisk og krepsdyr Slekt Mergellus, lappfiskand Slekt Lophodytes, hjelmfiskand Slekt Mergus, 4 artar fiskender Slekt Heteronetta, gaukand Slekt Nomonyx, maskeand Slekt Oxyura, 5 artar «stivhalar» Slekt Biziura, pungand
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Anatidae» frå , den 6. februar 2011, han gav følgjande referansar:
McCracken, Kevin G. (2000): "The 20-cm Spiny Penis of the Argentine Lake Duck (Oxyura vittata) ". The Auk 117(3) p. 820–825.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av ender, gjæser og svaner hos Internet Bird Collection
Kategori:Andefuglar