Ternopil oblast (ukrainsk Тернопільська область Ternopilska oblast ) er ein provins (oblast) i det vestlege Ukraina. Oblastet ligg i det historiske landskapet Galizia. Regionen har 1 021 713 innbyggjarar og eit areal på 13 823 km².
Administrasjonssentrum i oblastet er Ternopil. Andre viktige byar er Tsjortkiv, Kremenets og Berezjany.
Området var frå gammalt av polsk, før det vart ein del av Austerrike-Ungarn i samband med delingane av Polen. I mellomkrigstida var området igjen polsk, med status som eige voivodskap, før det i samband med andre verdskrigen vart innlemma i Ukrainske SSR.
Flesteparten av innbyggjarane i regionen er katolikkar (austlege), men det er òg mange protestantiske og ortodokse minoriteter. Etnisk sett er dei fleste innbyggjarane ukrainarar, men det er òg ein stor russisk minoritet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ternopil Oblast» frå , og «Ternopil oblast» frå den 8. september 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Oblast i Ukraina Kategori:Galizia