Yobes Ondieki () er ein kenyansk tidlegare langdistanseløpar som i 1991 vart verdsmeister på 5 000 meter og i 1993 sette verdsrekord på 10 000 meter.

Aktiv På 1980-talet studerte Yobes Ondieki i Iowa i USA der han var ein aktiv idrettsmann, særleg i terrengløp. Som langdistanseløpar var han i stand til å halda god fart over lengre tid, men mangla ein sterk sluttspurt. Under Sommar-OL 1988 i Seoul deltok han på 5 000 meter, men enda på 12. plass. Også under neste OL, Sommar-OL 1992 i Barcelona var det sluttspurten som mangla hjå Ondieki og som gjorde at han enda på ein femteplass.

Ondieki si største idrettsmedalje er VM-gull på 5 000 meter frå Tokyo i 1991. Han sprang inn på 13,14.45 og sette meisterskapsrekord. Dessutan vart Ondieki den fyrste løparen som sprang 10 000 meter på under 27 minutt og dermed sette ny verdsrekord. Dette skjedde på Bislett stadion under Bislett Games den 10. juli 1993, og Ondieki vart tildelt Bislett-medaljen for prestasjonen. Verdsrekorden heldt fram til juli neste år, då han vart slått av William Sigei.

Ondieki var gift med maratonløparen Lisa Martin frå Australia, men dei er no skilde.

Kjelde Denne artikkelen bygger på «Yobes Ondieki» frå , den 10. september 2012.

World Athletics

Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kenya Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992