Barrie «Barriemore» Barlow () er ein engelsk musikar, mest kjend som trommeslagar og perkusjonist for rockebandet Jethro Tull, frå mai 1971 til juni 1980.
Han vart kalla Barriemore då han kom inn i bandet i tråd med det eksentriske imaget til Jethro Tull. Bassisten Jeffrey Hammond kalla seg til dømes «Jeffrey Hammond-Hammond» i bandet.
Jethro Tull Barlow var ein skulekamerat og tidlegare bandkollega av frontmannen Ian Anderson. Han kom inn i bandet då Clive Bunker slutta og spelte på følgjande album:
«Life's a Long Song» (EP) Thick as a Brick Living in the Past (samleplate med ovannemnde EP) A Passion Play War Child Minstrel in the Gallery Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! Songs from the Wood Heavy Horses Bursting Out Stormwatch
Barlow tok det tungt då bassisten John Glascock døydde. Dei to hadde vore nære vener og Barlow forlet Jethro Tull i 1980, etter at Stormwatch-turneen var over.Barriemore Barlow bio på TullPress.com
Etter Jethro Tull Barlow spelte sidan som studiomusikar, inkludert for Robert Plant, John Miles og Jimmy Page, og han starta sitt eige band ein liten periode kalla Storm. Han spelte på Yngwie Malmsteen-albumet Rising Force og med Kerry Livgren på Seeds of Change.
Barlow har eit platestudio, The Doghouse, på eigedomen sin i Shiplake i Oxfordshire i England. Han er i dag manager for eit band frå Henley on Thames kalla The Repertoires, og han er knytt til fleire andre lokale band.
Barlow spelte perkusjon på «Artrocker», opningssporet på det kritikarroste albumet Get Your Mood On av punkbandet Dustin's Bar Mitzvah i 2006.
Trommeteknikk Barlow er kjend som ein særs teknisk og kreativ trommeslagar. Spelinga hans på konsertalbumet Bursting Out er eit vitnesbyrd på kor kreativ han er som trommeslagar, mellom anna på trommsoloen i songen «Conundrum». John Bonham kalla ein gong Barlow «den største rocketrommisen England nokon gong har produsert». I ein kommentar om trommestilen sin for Jethro Tull sa han: «Eg har alltid beundra folk som finn på - og på eit perkusjonsnivå beundrar eg folk som finn på rytmar. Eg prøvde å oppnå det i Tull, men i dag går eg langt i å rettleie trommisar i banda eg er manager for at dei ikkje spelar slik eg gjorde i Tull, fordi det var så travel og 'over-the-top'»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Barriemore Barlow» frå , den 17. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Biografi på den offisielle nettsida til Jethro Tull Trommeslagar i Jethro Tull Biografi på Collecting Jethro Tull The Repertoires
Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Jethro Tull-medlemmar Kategori:Folk frå Birmingham