Odd Njøs () var ein norsk kulturarbeidar frå Leikanger i Sogn. Han arbeidde mange år i skulen, og var elles kjend som ein allsidig kulturarbeidar. I 2000 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sylv for dette. Han var organist og kordirigent gjennom ei årrekkje og vore aktiv i revymiljøet til Leikanger Mannskor. Frå 1984 var han mykje nytta som fredagskåsør i lokalradioen. Han var ogso mykje brukt som kåsør og underhaldar i andre samanhengar. Dei siste åra var han òg aktiv som forfattar. På Skald forlag gav han ut dei humoristiske bøkene De'kje nøye om du lyge litt, ...berre praten gaor og Sommarliv på Berget. Han gav òg ut CD der han fortalde historier frå dei to fyrstnemnde bøkene.
Utgjevingar Bøker
Lydbøker
Kjelder
Bakgrunnsstoff Om Odd Njøs i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Folk frå Leikanger Kategori:Norske musikarar Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv Kategori:Leikanger Mannskor Kategori:Forfattarar frå Leikanger Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar