1605 (romartal MDCV) var eit normalår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein måndag i den julianske.
Hendingar
Utlandet 1. april: Alessandro Ottaviano de' Medici blei pave med namnet Leo XI. 16. mai: Camillo Borghese blei pave med namnet Paul V. 20. juni: Tsar Fjodor II vart myrda i Kreml. 17. september: Slaget ved Kirkholm, der den svenske armeen leia av Karl IX av Sverige leid nederlag mot polakkane under Jan Karol Chodkiewicz. 5. november: Krutsamansverjinga i England. Guy Fawkes og andre mislukkast i å sprengja parlamentet. Karl IX av Sverige grunnla den byen Uleåborg (Oulu) i svensk Finland. Miguel Cervantes gav ut eit av dei mest kjende verka i litteraturhistoria, Don Quijote. Danske skip kom for fyrste gong sidan 1400-talet fram til Grønland, og tok med seg nokre eskimoar til Danmark.
Noreg
Fødde
8. april: Filip IV, konge av Kastilia og Aragonia 1621-1665, konge av Portugal 1621-1640. 19. oktober: Sir Thomas Browne, engelsk fysikar og filosof.
Døde mini| Boris Godunov døydde 13. april
5. mars: Klemens VIII, fødd Ippolito Aldobrandini, pave 1592-1605. 13. april: Boris Godunov, tsar av Russland. 27. april: Leo XI, fødd Alessandro Ottaviano de' Medici, pave 1605. 15. oktober: Akbar den store, indisk stormogul. 8. november: Robert Catesby, britisk leiar for ei gruppe katolske konspiratørar og Krutsamansverjinga.