Selling England by the Pound er det femte studioalbumet til det engelske, progressive rockebandet Genesis, utgjeve 12. oktober 1973 på Charisma Records (Europa) og Atlantic Records (USA). Det var oppfølgjaren til Foxtrot og var det bestseljande albumet til bandet på den tida, med ein tredjeplass i Storbritannia Genesis hits der det låg på lista i 21 veker.
Ein singel frå albumet, «I Know What I Like (In Your Wardrobe)», kom ut i februar 1974 og vart den første hitten deira på topp 30 i Storbritannia.
Albumet vart spelt inn i august 1973 etter turneen for det førre albumet deira, Foxtrot (1972). Gruppa sette til side ein kort periode for å skrive nye songar, som dekte fleire tema, som tap av engelsk folkekultur og ein auka amerikansk påverknad, som tittelen syner til. Etter albumet kom ut, la bandet ut på ein turné, der dei fekk entusiastisk respons frå fansen.
Kritikarar og bandet har gjeve blanda meininga om albumet. Gitaristen Steve Hackett har sagt det var favorittalbumet hans av Genesis. Albumet har halde fram å selje godt og selde til gullplate i Storbritannia og USA. Det vart ommastra for CD i 1994 og 2007. Fleire av songane på albumet vart fan-favorittar og vart spelte fast på konsertane deira til inn i 1980-åra.
Bakgrunn I mai 1973 fullførte Genesis med frontmannen og songaren Peter Gabriel, klaverspelaren Tony Banks, bassisten og gitaristen Mike Rutherford, gitaristen Steve Hackett og trommeslagaren Phil Collins turneen deira etter det førre albumet, Foxtrot (1972). Turneen var den første større turneen deira i Nord-Amerika og dei fekk positiv respons, sjølv om journalistar framleis kritiserte bandet og samanlikna dei med andre progrockband på den tida, som Emerson, Lake & Palmer, Jethro Tull og Pink Floyd. Charisma pressa bandet til å gje ut nytt materiale for å utnytte den nye suksessen deira, og gav ut eit album med konsertopptak tidleg i 1973, mot ønsket til bandet, Genesis Live (1973). Det vart det bestseljande albumet deira i Storbritannia til då og nådde niandeplassen på albumlista der.
Gruppa vart for travle med turneen til å skrive nye songar, så då turnen var over sette dei av tid til å skrive nye songar. På grunn av suksessen med Foxtrot let selskapet til gruppa, Charisma Records, dei få to til tre månader på seg til å komme opp med eit nytt studioalbum, som Rutherford rekna som eit «dødskyss». Tidleg i innspelinga hadde Collins danna eit tilfeldig band med den tidlegare Yes-gitaristen Peter Banks for eit par konsertar, og Rutherford fortalte i eit intervju med Sounds i 1976 at «det var uro for at Phil kom til å forlate gruppa». Trass i dette hugsa Gabriel tida som «relativt lukkeleg og roleg».Gabriel, Peter. Reissues Interview 2007 at 00:54–01:01
Produksjon Skriving og innspeling Albumet vart skrive over fleire periodar på forskjellige stader, og Banks hugsa at gruppa hadde vanskar med å kome opp med musikalske idear.Banks, Tony. Reissues Interview 2007 at 01:01–02:15 Den ekstra tida Charisma let dei få gjorde at bandet kunne arbeide meir avslappa i starten, og dette førte ikkje til mykje som kunne brukast. Dei omarbeidde idear til eit punkt der dei ikkje lenger fungerte, eller førte dei attende til der dei hadde byrja.. Dei første møta fann stad i det skribenten Jerry Gilbert skildra som «ein gammal herregard» i Chessington i Kingston upon Thames, der gruppa øvde i stova og fekk naboane til å klage over støy.Hackett, Steve. Reissues Interview 2007 at 03:20–03:43 Collins hugsa ikkje albumet som særskild vanskeleg å setje saman, men sa at Chessington-tida danna grunnlaget for «The Cinema Show». Han hadde lytta til jazzfusion-gruppa Mahavishnu Orchestra, som inspirerte han til å spele meir kompliserte taktar på trommene for «Dancing With the Moonlit Knight» og andre parti på albumet.Collins, Phil. Reissues Interview 2007 at 04:02–04:25 Øvingane vart så flytta til Londdon i eit rom under Una Billings School of Dance i Shepherd's Bush, der «I Know What I Like (In Your Wardrobe)» vart vidare utvikla.Collins, Phil. Reissues Interview 2007 at 04:36–04:41 Hackett hadde ikkje bidrege med mykje materiale til gruppa på dette punktet, då han samstundes hadde ekteskapsproblem. I staden for å kom med heile songar, kom han med forskjellige gitarparti, som alle vart nytta, og som ein trur gav albumet ei jazzfusion-kjensle, sjølv om det framleis er særs engelsk.Hackett, Steve. Reissues Interview 2007 at 02:15–03:02
To seksjonar som kom inn i øvingane frå starten av var eit enkelt gitarriff som Hackett hadde spelt og som bandet likte og ønskte å utvikle vidare. Dette vart «I Know What I Like (In Your Wardrobe)». Tre bitar frå Banks, som han opphavleg hadde tenkt for andre songar, vart i staden nytta i det endelege arrangementet av «Firth of Fifth». Den tredje seksjonen som vart tidleg utvikla vart opninga til «The Battle of Epping Forest», og bandet spelte desse tre stykka om att og om att dagleg i ein periode, som Banks meinte førte til at sistnemnde vart overarbeidd. Trass i nokre tilbakeslag, skreiv biografiforfattaren Robin Platts: «Det var nok magiske augneblink og inspirerte jammar til å skape slike varige komposisjonar».
Ein av ideane som Gabriel ønskte å føre fram med albumet var ideen om å sjå på «engelskheita på ein annan måte». Dette går att i tittelen på albumet,Gabriel, Peter. Reissues Interview 2007 at 00:10–00:31 som igjen var eit slagord som Labour Party byrja å bruke, for å sikre at den britiske pressa ikkje skulde bandet for å «selje seg» til Amerika. Rutherford rekna seinare tittelen som ein av dei beste albumtitlane deira.Rutherford, Mike. Reissues Interview 2007 at 00:31–00:36 Totalt sett representerte det forfallet til engelsk folkekultur og ein stadig amerikanisering. Banks sa et engelske temaet over albumet ikkje var ein planlagt ide i starten, men det var slik songane enda opp å bli. Gabriel sa seinare at han skreiv alle tekstane til albumet på to dagar.
Etter å ha øvd og skrive nok materiale for eit heilt album, gjekk gruppa inn i Island Studios i London i august 1973. Som med Foxtrot var John Burns produsent. Burns var teknisk dugane og det skapte ein bra lyd, som motiverte gruppa til å spele betre og takle meir komplekse arrangement. Gabriel var medviten om dei mange, lange instrumentale partia på albumet, som han meinte var ein risk og kunne få materiale til å bli keisamt.
Songar Side ein
«Dancing with the Moonlit Knight» er den første songen på albumet. Songen opnar acappella og vert så gradvis meir høglydt og livlegare, og vert til slutt ein rockelåt. Denne songen er ein av dei første der Tony Banks nyttar Mellotron M400, som han nettopp hadde fått. Gitarist Steve Hackett nyttar teknikkar som tapping og sweep-picking på denne songen, noko som var heilt nye teknikkar på denne tida. mini|venstre|Peter Gabriel i kostymet «Britannia» som han hadde på seg under «Dancing with The Moonlit Knight» i 1974 Teksten er ein ironisk kommentar til England på den tida og nyttar referansar til engelske ting som Green Shield Stamps. Tittelen på albumet er kalla opp etter ei linje i denne songen. Melodien vert repetert i forskjellig form i avslutninga av «The Cinema Show» og inn i «Aisle of Plenty. Motivet dukkar gradvis opp frå ein akkordsekvens, som er dei same akkordane som i «Cinema Show», men der i ei anna rekkefølgje. Linja «Paperlate, cried a voice in the crowd» inspirerte bandet til songen «Paperlate» i 1982.
«I Know What I Like (In Your Wardrobe)» kom ut frå ein jam av gruppa basert på eit av gitarriffa til Hackett. Han hadde presentert riffet for gruppa tidlegare, men var då blitt avvist fordi det høyrdest for mykje ut som The Beatles. Gilbert skildra ein tidleg lytt på songen som «Hint om gammaldags, engelsk romantikk» som i følgje Gabriel, var først meint å ha ein meir vise-aktig melodi. Perkusjonslydane ein kan høyre i byrjinga er Gabriel som spelar på ei snakkande tromme som Burns hadde kjøpt frå Nigeria. Songen kom ut på singel og vart den første hitten deira i Storbritannia.
«Firth of Fifth» er eit ordspel på estuaret til elva Forth i Skottland, som ofte vert kalla Firth of Forth. Songen starta med klassisk klaver og ein rytmisk kompleks bit, der visse takter er i ein sjeldan 13/16- og 15/16-takt.Sheet music of piano introduction Sjølv om han er tilskriven heile bandet, hevda Banks sidan at mykje av musikken kom frå ideane hans, noko som vart stadfesta av Mike RutherfordBanks, Collins, Gabriel, Hackett, Rutherford (2007) Genesis Chapter and Verse, s. 168. og Steve Hackett, som kalla han «ein av dei finaste til Tony».Hackett, Steve (1996) Genesis Revisited liner notes Banks og Rutherford skreiv teksten. Banks sa sidan i Hugh Fielder si The Book of Genesis at det var ein av dei verste tekstane han hadde vore borti. Songen vart mykje spelt på konsertane til bandet, men ofte utan pianointroduksjonen, fordi Banks følte at han ikkje kunne spele han skikkeleg med sitt RMI elektriske piano som ikkje var berøringssensitivt.
«More Fool Me» er ein av to songar frå Gabriel-tida som Phil Collins syng solovokal på (den andre er «For Absent Friends» frå Nursery Cryme i 1971.) Songen handlar om ein mann som blir forlaten av kjærasten, men han er likevel sikker på at det vil ordne seg. Musikalsk er songen mykje enklare og dempa enn resten av albumet med berre akustisk gitar og vokal. Han vart skriven av Phil Collins og Mike Rutherford medan dei sat på trappa utanfor Island Studios. Songen vart òg sungen av Collins på Selling England by the Pound-turneen.
Side to
«The Battle of Epping Forest» var inspirert av ei nyhende om to rivaliserande gjengar som kjempa om territorium i London. Teksten nemner personar som «Mick the Prick» og «Bob the Knob» medan dei kjempar om eit område i Aust-London. Gabriel nyttar forskjellige stemmer for dei forskjellige rollene.
«After the Ordeal» er ein instrumental hovudsakleg skriven av Hackett. Den første halvdelen er eit livleg klassisk gitarstykke, medan den andre er eit meir langsamt stykke for elektrisk gitar. Sjølv om Genesis aldri framførte songen på konsert, spelte Hackett songen på sine akustiske turnear. I følgje Banks var både han og Gabriel imot å ta med songen på albumet, og dei hadde mange diskusjonar om dette. Sjølv om Hackett vann i dette tilfellet, var det slike diskusjonar og kranglar som gjorde at Hackett slutta i bandet fire år seinare.
«The Cinema Show» er delt inn i to delar. den første delen er basert på eit stykke for 12-strengsgitar med vokalharmoni mellom Gabriel og Collins, og ein kort fløyte- og obosolo. Songen avsluttar med ein fire og halvt minutt lang syntheseizer solo på ARP Pro Soloist, medan Rutherford og Collins spelar ein rytme i 7/8-takt. Teksten, skriven av Banks og Rutherford, var inspirert av T.S. Eliot-diktet The Waste Land.
Albumet avsluttar med at «The Cinema Show» glir inn i «Aisle of Plenty», ein reprise av «Dancing with the Moonlit Knight» som gjev albumet ei syklisk kjensle. Songen nyttar ordspel som «Easy, love there's the safe way home» og «Thankful for her fine fair discount, Tess co-operates». På denne tida var Fine Fare og Safeway store matvarekjeder i Storbritannia og både Tesco og Co-op (The Co-operative Group), var og framleis er matvarekjeder. Ordet aisle frå tittelen er òg tilknytt matvareforretningar.
Plateomslag Plateomslaget vart måla av Betty Swanwick og kalla The Dream. Swanwick hadde designa plakatar for London Transport frå 1930- til 1950-åra. Originalmåleriet hadde ikkje med grasklypparen. Bandet fekk Swanwick til å leggje denne til seinare for å vise til songen «I Know What I Like», fordi Swanwick sa ho ikkje hadde tid til å måle eit nytt måleri for omslaget.
Utgjeving