Druzjkivka (ukrainsk Дружківка, russisk Дружковка, Druzjkovka) er ein by in Donetsk oblast (provins) i Ukraina. Han har kring 65 000 innbyggjarar og dekkjer eit område på 46 km².

Druzjkivka ligg der elvane Kryvoj Torets og Kazennyj Torets renn saman, 80 km nordaust for Donetsk. Historiske kjelder viser at busetnaden Druzjkivka vart grunnlagd i dette området kring 1781. Frå byrjinga av 1800-talet til seint på 1900-talet voks Druzjkovka til ein mellomstor industriby med fleire fabrikkar. Då Sovjetunionen fall forsvann mykje av den lokale industrien og tilhøva førte til stor arbeidsløyse.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Druzhkivka» frå , den 28. september 2012.

Bakgrunnsstoff (russisk) druzjkovka.com - Druzjkovka byportal

Kategori:Byar i Donetsk oblast Kategori:Busetnader grunnlagde i 1781