Myrhorod (ukrainsk Миргород) er ein by i Poltava oblast (provins) sentralt i Ukraina. Han er det administrative senteret i Myrhorodskyj rajon (distrikt), medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Han ligg ved elva Khorol.

Byen har ei historie som går attende til 1100- eller 1200-talet som eit austleg grensefort i Kiev-riket. Namnet på byen tyder Fredsbyen, og visstnok var det fredsforhandlingar i fortet som var opphav til bynamnet.

Myrhorod vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1575 då kong Stefan Bathory av Polen gjorde han til regimentby.

Sidan byrjinga av 1900-talet har Myrhorod vore kjend som ein kurstad med mineralvatn frå undergrunnskjelder i nærleiken av byen. Ein har henta opp dette økologisk reine vatnet sidan 1927 for kommersiell bruk.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Myrhorod» frå , den 30. september 2012.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Byar i Poltava oblast Kategori:Kurstader i Ukraina