Tsjortkiv (ukrainsk skrift Чортків, polsk Czortków) er ein by i Ternopil oblast (provins) vest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Tsjortkiv rajon (distrikt). Tsjortkiv ligg nord i den historiske regionen Galizisk Podolia ved breidda av elva Seret. Han har kring 30 000 innbyggjarar.

Før Holocaust var det mange jødar i byen, som var ein kjend shtetl. I dag er Tsjortkiv eit regionalt handels- og produksjonssenter. Byen har ei festning bygd på 1500- og 1600-talet og ei historisk trekyrkje bygd på 1600- og 1700-talet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chortkiv» frå , den 1. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Ternopil oblast Kategori:Galizia Kategori:Shtetlar