Kremenets (ukrainsk Кременець, polsk Krzemieniec) er ein by i Ternopil oblast (provins) vest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Kremenets rajon (distrikt) og ligg 18 km nordaust for Potsjajiv kloster. Byen ligg i den historiske regionen Volhynia.

I følgje somme kjelder vart Kremenets festning bygd på 700- eller 800-talet og vart seinare ein del av Kiev-riket. Under mongolinvasjonen i 1240-1241 var Kremenets ein av få byar som Batu Khan ikkje klarte å ta. I 1382 gjekk byen til Litauen. Byen fekk Magdeburgrettar i 1431 og i 1569, etter Lublinunionen vart han ein del av Polen, kalla Krzemieniec. I 1795 vart byen annektert av Det russiske imperiet etter den tredje delinga av Polen og vart verande russisk fram til første verdskrigen. I 1921, etter freden i Riga, gjekk byen attende til Polen, før han under andre verdskrigen kom til Sovjetunionen.

I 1941 budde det 15 000 jødar i Kremenets, men under den tyske okkupasjonen vart så godt som alle myrda.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kremenets» frå , den 3. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Ternopil oblast Kategori:Volhynia Kategori:Shtetlar