«Illegal Alien» er ein song av det engelske rockebandet Genesis på albumet Genesis frå 1983. Han vart gjeven ut som singel i 1984 og nådde 46. plass på singellista i Storbritannia.Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.
Teksten på songen er humoristisk og handlar om frustrasjonen ein ulovleg immigrant møter med refrenget: «It's no fun/Being an illegal alien». Songen vart sjeldan spelt på radio i USA fordi han vart rekna som støytande for ulovlege innvandrarar. Særleg den andre setninga i mellomspela der personen tilbyr seksuelle tenester frå systera si i byte mot at han får kome over grensa. Dette har vorte kutta ut frå radioversjonar av songen, og frå musikkvideoversjonen av songen.
«Illegal Alien» hamna på lista til Blender over dei «50 verste songane gjennom tidene», med ein 13. plass.
Videoen syner stereotypiske skildringar av meksikanarar (mellom anna spelt av Collins) som drikk, søv, spelar mariachi-musikk, med store sombreroar og seraper, og syng med ein meksikansk aksent.
Songen vart framført på konsertane til bandet under Mama-turneen. Mama Tour Songs & Dates Eit konsertopptak av songen finst på Genesis Archive 2: 1976–1992.
Medverkande Phil Collins - trommer, perkusjon, vokal Tony Banks - klaverinstrument, korvokal Mike Rutherford - gitarar, bassgitar, korvokal
Salslister
Liste (1984)PlasseringCanada Top Singles (RPM)Canadian peak41UK Singles (The Official Charts Company)46US Billboard Hot 10044
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Illegal Alien (song)» frå , den 20. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Genesis-songar Kategori:Songar skrivne av Tony Banks Kategori:Songar skrivne av Phil Collins Kategori:Songar skrivne av Mike Rutherford Kategori:Songar produserte av Hugh Padgham Kategori:Satiriske songar Kategori:Songar om ulovleg innvandring i USA