mini|Ekspedisjonsskipet «Discovery» i den antarktiske isen. Discovery-ekspedisjonen (engelsk British National Antarctic Expedition, 1901–04, alment kjend som Discovery Expedition) var den første offisielle britiske utforskinga av Antarktis sidan reisa til James Clark Ross seksti år tidlegare. Den omfattande ekspedisjonen vart organisert i fellesskap av Royal Society og Royal Geographical Society (RGS), og tok sikte på å gjennomføre vitskaplege og geografiske undersøkingar i det som hovudsakleg var eit urørt kontinent. Ekspedisjonen var òg starten på den antarktiske karrieren for mange som seinare skulle bli viktige personar i «den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking», blant andre Robert Falcon Scott, som leia ekspedisjonen, Ernest Shackleton, Edward Wilson, Frank Wild, Tom Crean og William Lashly.
Dei vitskaplege resultata dekte omfattande område innan biologi, zoologi, geologi, meteorologi og magnetisme. Det vart gjort viktige geologiske og zoologiske funn, som oppdagingane av dei snøfrie McMurdo Dry Valleys og koloniane av keisarpingvinar ved Cape Crozier. Den geografiske utforskinga førte blant anna til oppdaginga av King Edward VII Land og polarplatået via fjellruta i vest. Ekspedisjonen gjorde ingen seriøse forsøk på å nå Sørpolen, men presterte å setje ein ny sørleg rekord då ei gruppe på tre menn nådde 82°17' sørleg breidde.
Som inspirasjon for seinare reiser var Discovery-ekspedisjonen ein milepåle i britane si utforsking av Antarktis. Etter at han kom heim vart han feira som ein suksess, trass i at det hadde vore naudsynt med ein kostbar hjelpeaksjon for å få «Discovery» og mannskapet laus frå isen, og seinare tvistar om kvaliteten på nokre av dei vitskaplege resultata. Det har vorte hevda at den største feilen til ekspedisjonen var den manglande evna til å meistre teknikken for effektive polarferder med ski og hundarHuntford, s. 188 – ein arv som følgde dei britiske antarktisekspedisjonane gjennom den heroiske tidsalderen. thumb|300px|Kart som viser dei generelle arbeidsfelta til Discovery-ekspedisjonen, 1902–04.Hovudturar:
Bakgrunn for ekspedisjonen Forløparar mini|upright|Sir James Clark Ross, oppdagar av Rosshavet, Rossbarrieren og McMurdo-sundet. Mellom 1839 og 1843 gjorde Royal Naval-kapteinen James Clark Ross tre reiser til det antarktiske kontinentet, og på desse oppdaga og utforska han ein ny sektor i Antarktis som seinare vart arbeidsfelt for mange britiske ekspedisjonar. Ross fastslo omtrentlege geografien i området og namngav mange geografiske objekt: Rosshavet, den store isbarrieren (seinare omdøypt til Rossbarrieren), Ross Island, Kapp Adare, Victoria Land, McMurdo-sundet, Cape Crozier og tvillingvulkanene Mount Erebus og Mount Terror.Coleman, s. 329–335 Dei sistnemnde fekk namn etter dei to ekspedisjonsskipa, HMS «Erebus» og HMS «Terror». Han vende tilbake til Rossbarrieren fleire gonger i voner om kome gjennom, men lukkast ikkje. I februar 1842 sette han likevel ein ny sørleg rekord i ei lita vik ved 78°10'.Preston, s. 12–14 Ross meinte at det låg landområde austom barrieren, men han var ikkje i stand til å fastslå dette.Kaptein Scotts instruksjonar som leiar for Discovery-ekspedisjonen i 1901 var å «oppdage landet som Ross meinte flankerte barrieren mot aust».Savours, s. 16–17
Etter Ross var det ingen registrerte reiser i denne delen av Antarktis på femti år inntil ein norsk kvalfangstekspedisjon i januar 1895 tok ein kort tur innom Kapp Adare, nordspissen av Victoria Land.Preston, s. 11–12 Med på denne turen var Carsten Borchgrevink, og han utrusta fire år seinare sin eigen ekspedisjon, Southern Cross-ekspedisjonen. Han vart finansiert ved hjelp av ein donasjon på pund som vart gjeven av den britiske mediemagnaten Sir George Newnes på vilkår at ekspedisjonen fekk namnet «The British Antarctic Expedition» («Den britiske Antarktis-ekspedisjonen»).Preston, s. 14 I februar 1899 gjekk Borchgrevink i land ved Kapp Adare der ti mann overvintra i ei lita hytte dei sette opp der. Sommaren etter segla han sørover til den vika som Ross hadde funne i barrieren. Frå her reiste ei gruppe på tre med hundeslede over isen, og etter 16 km sette dei ein ny sørleg rekord ved 78°50'.Huntford, s. 140
Rundt hundreårsskiftet mellom 1800- og 1900-talet var det ei aukande internasjonal interesse for det antarktiske området. På omtrent same tid som Discovery reiste ein tysk ekspedisjon under Erich von Drygalski for å utforske den delen av det antarktiske kontinentet som låg sør for Indiahavet. Den svenske oppdagaren Otto Nordenskjöld leia ein ekspedisjon til Graham Land, medan ein fransk ekspedisjon under leiing av Jean-Baptiste Charcot vart send til Antarktishalvøya. Til sist reiste ei skotsk gruppe, leia av forskaren William Speirs Bruce, på ein vitskapleg ekspedisjon til Weddellhavet.Huntford, s. 141–44
Royal Navy, Markham og Scott mini|upright|Sir Clements Robert Markham mini|upright|Kaptein Robert Falcon Scott, leiar for Discovery-ekspedisjonen. Polarforsking var vorte Royal Navy sitt ansvarsområde i fredstida som følgde etter Napoleonskrigane, med John Barrow, admiralitetet sin andresekretær som pådrivar.Crane, s. 67 Etter Sir John Franklin sin tapte ekspedisjon i 1845, og dei mange resultatlause søka som følgde, minka interessa til marinen for polare strøk. Seinare kom dessutan problema under George Nares sin Nordpol-ekspedisjon i 1874–76, og Nares eiga fråsegn om at Nordpolen var «umogleg», såg til slutt vedtok admiralitetet at ytterlegare oppdrag i polarstrøka ville vere farleg, dyrt og fåfengt.Jones, s. 50
Royal Geographical Society sin sekretær sir Clements Markham var ein tidlegare marineoffiser som hadde tenestegjort på ein av leiteekspedisjonane etter Franklin i 1851.Preston, s. 15 Han hadde òg følgt Nares på ein del av ekspedisjonen, og vart talsmann for at marinen skulle ta opp att den historiske rolla si.Markham, s. 233–42 Eit høve opna seg då den prominente biologen sir John Murray, som deltok under Challengerekspedisjonen og dermed hadde førstehands røynsle frå antarktiske farvatn, i november 1893 presenterte eit skriv med tittelen The Renewal of Antarctic Exploration («Gjenopptaking av antarktiske ekspedisjonar»). I skrivet oppfordra han til å utruste ein ekspedisjon i full skala med den føremålet å fremje britisk vitskap.Jones, s. 56–58
Murray fekk sterk støtte både av Markham og av Royal Society, Den fremste vitskaplege organisasjonen i England. RGS og Royal Society oppretta ein felles komité som fekk i oppdrag å avgjere kva for ei form ekspedisjonen skulle ha. Ein del av komitemedlemmane motarbeidde visjonen til Markham om ein stor marineoperasjon i stil med Ross og Franklin, men Markham stod så hardnakka på sitt at ekspedisjonen i stor grad vart forma etter ynsket hans. Fetteren hans og biografen skreiv seinare at ekspedisjonen var «skapt i hjernen hans, resultatet av hans energiske uthald»."the creation of his brain, the product of his persistent energy".
Markham hadde lenge hatt for vane å notere seg unge lovande sjøoffiserar som kunne ha dei kvalitetane som ein måtte ha for å ta ansvar under eventuelle polarekspedisjonar. Han hadde først observert kadetten Robert Falcon Scott i 1887 då han tenestegjorde på HMS «Rover» i Saint Kitts, og hadde lagt han på minnet. Tretten år seinare var Scott, som no var torpedoløytnant på HMS «Majestic», på utkikk etter høve for karrieremessig avansement, og etter eit møte med Markham i London, søkte han på posten som leiaren til ekspedisjonen. Scott hadde lenge vore i tankane til Markham, og sjølv om han ikkje alltid hadde vore førstevalet for denne oppgåva, hadde fleire av dei andre favorittkandidatane no etter Markhams syn vorte for gamle, eller var oppteke på anna hold.Crane, s. 82–83 Med den avgjerande støtta til Markham i ryggen vart Scott den 25. mai 1900 utnemnd, og kort tid etter forfremma til kommandørkaptein.
Vitskap eller eventyr Framleis gjenstod det å få på plass ekspedisjonen sin kommandostruktur. Markham hadde heile tida stått avgjort på at den øvste leiaren burde vere ein marineoffiser framfor ein vitskapsmann.Crane, s. 80 Etter at han var vorte utnemnd til leiar skreiv Scott til Markham og gjentok at «han måtte ha den fulle kommandoen over skipet og landgruppene», og insisterte på han han vart rådført ved alle framtidige tilsetjingar. Med godkjenning frå Markham hadde komiteen likevel allereie utnemnt John Walter Gregory, geologiprofessor ved University of Melbourne og tidlegare assisterande geolog ved British Museum, til ekspedisjonen sin vitskapleg leiar. Gregory sitt standpunkt, som òg vart støtta av Royal Society sin fraksjon i den samansette komiteen, var at landgruppene burde organiserast og leiast av han; «...Kapteinen skulle instruerast om å gje den bistanden som må til for mudring, tråling osb, og å plassere båtar der dei vitskapleg tilsette har behov for dei.»Crane, s. 91–101 I strida som følgde hevda Markham at Scotts kommando over heile ekspedisjonen måtte vere total og eintydig, og Scott sjølv pressa heile vegen på for dette under trussel om å trekkje seg. Markhams og Scotts synspunkt vann fram, og Gregory tredde tilbake med merknaden om at det vitskaplege arbeidet ikkje burde «underleggjast eit orlogseventyr».Jones, s. 62–63
Denne kontroversen forsura forholdet mellom dei to samskipnadane og fortsette etter ekspedisjonen var over, noko ein kan sjå av kritikken som vart retta mot omfanget og kvaliteten til ein del av dei publiserte resultata.Jones, s. 70 Markham hevda at årsaka til at han stod så hardt på ein marinekommando først og fremst var eit spørsmål om tradisjon og stil, og ikkje eit uttrykk for manglande respekt for vitskapen. Han gjorde det òg klart at han rekna at målet om å nå så langt sør som mogeleg i seg sjølv ikkje fortjente støtte.
Personell mini|upright|Ernest Shackleton, annanstyrmann på «Discovery». Markham hadde håpa på ein fullverdig marineekspedisjon, men admiralitetet varsla om at marinen var i ein pressa situasjon og ikkje hadde offiserar å avsjå.Crane, s. 78: "the present exigencies of the Naval Service prevent them from lending officers..." Admiralitetet gjekk derimot med på å frigje Scott og Charles Royds, og seinare òg Michael Barne og Reginald Skelton, slik at dei kunne bli med på ekspedisjonen.Huntford, s. 144 Dei øvrige offiserane var frå handelsflåten. Av desse var andre nestkommanderande Albert Armitage, som hadde erfaring med Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen, og Ernest Shackleton, som vart utpeikt til offiser med ansvar for last, lager og forsyningar, og for å arrangere underhaldningstilstelningane.Fisher, s. 23 Admiralitetet frigav òg rundt tjue kvartermeisterar og sjømenn, medan resten av mannskapet kom frå handelsflåten eller frå annan sivil teneste.Den komplette mannskapslista er gjeve i Savours, s. 19.
Blant mannskapet på nedre dekk fanst det fleire som seinare vart veteranar i Antarktis. Blant desse var Frank Wild, William Lashly, Tom Crean (som slutta seg til ekspedisjonen etter at ein sjømann deserterte i New Zealand),Michael Smith, s. 31 Edgar Evans og Ernest Joyce.Savours, s. 19 Sjølv om ekspedisjonen ikkje var eit formelt marineprosjekt, føreslo Scott å gjennomføre ekspedisjonen etter retningslinjene til marinen, og mannskapet inngjekk frivillig ein avtale om å arbeide under marinen sine disiplinreglar.Fiennes, s. 35