Roosevelt Island er ei isdekt øy som ligg i austlege delen av Ross isbrem i Antarktis. Den sentrale ryggen på øya stig til opp mot 550 moh, men heile øya er fullstendig dekt av is, så ho er meir eller mindre usynleg frå bakkenivå. Øya er kring 130 km lang frå norvest til søraust, 65 km brei og med eit areal på .

At øya finst og kor stor ho er vart oppdaga av korleis isen flyt over ho. Ho vart namngjeven av kontreadmiral Richard E. Byrd i 1934 etter Franklin D. Roosevelt, den dåverande presidenten av USA. Byrd var leiaren for ekspedisjonen som oppdaga øya.

Roosevelt Island ligg innanfor grensa til Ross Dependency, som er kravområdet til New Zealand i Antarktis.

Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR kravområde i Antarktis

Kjelder

Kategori:Øyar i Ross Dependency Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar Kategori:Oppkallingar etter Franklin Delano Roosevelt