mini|høgre|20px Nasjonalflagget Flaggproporsjonar: 2:3
Det peruanske flagget er eit vertikalt trestripa flagg med raude ytterstriper og ei kvit stripe i midten. Det vart utforma av José de San Martín i 1820 og tatt i bruk frå 1825, med ei endring i utforminga frå 1950. Nasjonalflagget blir offisielt kalla i Peru, og blir ofte omtalt som . Det er definert av paragraf 49 i den peruanske grunnlova.
Inspirasjon San Martín skal ha vore inspirert av synet av ein flokk flamingoar med raude venger og kvite bryst då han valde fargane.
Stats- og handelsflagget mini|right|20px Stats- og handelsflagget Stats- og handelsflagget er som nasjonalflagget i raudt og kvitt, men med tillegg av våpenskjoldet i sentrum. Det svarar til Noregs stats-, krigs- og orloggsflagg.
Annan informasjon Peru har òg eit presidentflagg som svarar til det norske kongeflagget. Det har kvit bakgrunn, har riksvåpenet i sentrum og eit solbilete i kvart hjørne. Våpenskjoldet (og riksvåpenet) viser lamaen, chinchona-treet og hornet for ovnøgd som symbol for fauna, flora og naturressursar.
Kjelder
Mauro Talocci, Alle verdens flagg, Boksenteret forlag 1995
Bakgrunnsstoff
Flagg Peru Kategori:Raude og kvite flagg