Olaf Dufseth () var ein norsk kombinertrennar, langrennsløpar og gardbrukar. I 1947 og -48 vann han til saman tre NM-medaljar. Han var fødd i Vang i Hedmark og representerte Vang Skiløperforening.

Dufseth dreiv eit småbruk på Rena og døydde der i 2009.

Aktiv Dufseth fekk to sølvmedaljar under noregsmeisterskapen på ski for 1947. I kombinert vart han berre overgått av Simon Slåttvik, medan han på 18-kilmeteren kom i mål på ei tid 18 sekundar svakare enn noregsmeisteren Erling Evensen, og på same tid som Leif Slagtern. Året etter vart Dufsethn i NM slått av to mann i kombinert, noregsmeisteren Per Sannerud og Ottar Gjermundshaug.

Dufseth fekk så delta for Noreg under OL 1948 i St. Moritz. Der fekk han med seg ein åttandeplass i kombinert og vart nummer 18 i 18 kilometer langrenn.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1947: Nr 3 i Holmenkollen i kombinert 1948: Nr 8 i vinter-OL i St. Moritz og nr 5 i Holmenkollen, begge i kombinert 1952: Nr 9 på femmila i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1946: Nr 6 i kombinert Ski-NM 1947: Sølvmedalje i kombinert og på 18 km Ski-NM 1948: Bronsemedalje i kombinet og nr 6 på 18 km Ski-NM 1949: Nr 5 i kombinert Ski-NM 1953: Nr 7 på femmila

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Olaf Dufseth» frå , den 24. november 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1948 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1948 Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Folk frå Hamar Kategori:Folk frå Åmot