Langnesfjorden er ein 18 km lang, smal fjord mellom Langneset og Breidneset i Vestfold Hills. Han vart kartlagd frå flyfoto under Lars Christensen-ekspedisjonen (1936-37) og kalla opp etter Langneset. John Roscoe studerte i 1952 flyfoto teken av U.S. Navy Operasjon Highjump (1946-47) og synte at fjorden strekkjer seg lenger aust enn ein tidlegare hadde trudd, og at han omfatta det som tidlegare hadde vore kartlagd som ein innsjø, som nordmennene hadde kalla «Breidvatnet».

Kjelder

Kategori:Fjordar i Princess Elizabeth Land