Skeltonfjorden er ein isdekt fjord ved enden av Skeltonbreen, langs vestkanten av Rossisen i Antarktis. Fjorden er kring 16 km brei ved innløpet mellom Cape Timberlake og Fishtail Point, der han er kring 1500 meter djup.Crary, A.P. (1966) Mechanism for Fiord Formation Indicated by Studies of an Ice-Covered Fjord, Geological Society of America Bulletin, 77(9), 911-930. Det djupaste punktet er 1933 meter djupt. Han vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (BrNAE), 1901-04, som namngav fjorden etter løytnant Reginald W. Skelton (Royal Navy), som var maskinsjef på ekspedisjonsskipet RRS «Discovery».
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Skeleton Inlet» frå , den 1. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjordar i Ross Dependency Kategori:Hillary Coast