«Rhythm of Love» ar det kviterussiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Alena Lanskaja. Songen er skriven av Leonid Shirin, Yuri Vashchuk og A. Shirin.

Eurofest 2013 Lanskaja deltok med songen i Eurofest 2013 og vann finalen 7. desember 2012. Det var andre året på rad ho vann tevlinga, men fyrste gong ho får representere Kviterussland i Eurovision Song Contest. Ho fekk tolv poeng frå både fjernsynssjåarane og juryen.

Eurovision Song Contest 2013 Etter sigeren i Eurofest 2013 var det «Rhythm of Love» som fyrst vart presentert som det kviterussiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013. 5. mars 2013 annonserte Nayjanalhaja dziarzjaunaia teleradyjokampanija Respubliki Belarus (NDTRK RB) at «Solayoh», skriven av Marc Paelinck og Martin King, vart vald ut til å representere Kviterussland i staden for «Rhythm of Love».

Kjelder

Fotnotar

Kategori:Songar frå 2012 Kategori:Kviterussiske songar Kategori:Engelskspråklege songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar