Adolf Theodor Hansen Strengehagen () var ein norsk gruvearbeidar og stortingsmann frå Kongsberg. Han var medlem av Venstre.

Strengehagen var son til ein arbeidsformann ved sølvverket på Kongsberg. Han arbeidde sjølv på sølvverket frå 1867. I to år, 1871-73, gjekk han bergskulen, før han tok til att på verket. Han var arbeidsformann 1878-79 og og oppsynsmann 1897-95. Sidan var han stiger.

Han var medlem av Kongsberg bystyre frå 1881, ordførar i fire år. Også skulestyreformann i to år. Strengehagen var varamann til Stortinget perioden 1895-97. Alle dei tre sesjonane møtte han på tinget frå midten av juli, i staden for den faste representanten Thomas Münster. Han var fast representant på Stortinget frå byen i perioden mellom 1898 og 1906, sidan var han Kongsberg og Hønefoss sin representant 1906-12. Frå 1895 til 1900 var han medlem av landbrukskomiteen, sekretær i denne 1900-03. Medlem av Lagtinget 1900-12, som sekretær den siste valbolken. Elles var han medlem av militærkomiteen 1903-12 og av valkomiteen 1906-12

Strengehagen døydde i heimbyen i 1928.http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy Gravminner i Norge

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff Vilhelm Hafner: Stortinget: 1906-1909, s. 35, biografi med foto

Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Folk frå Kongsberg Kategori:Ordførarar i Kongsberg Kategori:Stortingsrepresentantar for Kongsberg