Sandnes kommune er ein kommune på Nord-Jæren og sørlege Ryfylke i Rogaland fylke. På Jæren grensar Sandnes kommune mot Stavanger og Sola i nordvest, og mot Klepp, Time og Gjesdal i sør. I Ryfylke grensar Sandnes mot Sirdal og Bykle i aust og mot Strand og Hjelmeland kommune i nord.

Kommunen er med sine innbyggjarar den ellevte mest folkerike kommunen i Noreg. Gjennom dei siste tjue åra fram til år 2020 har innbyggjartalet i kommunen årleg auka med eit gjennomsnitt på 1,9 %. Byen Sandnes saman med Stavanger gjer ut for tettstaden Stavanger/Sandnes, den tredje mest folkerike tettstaden i Noreg.

Historie left|mini|350px|Sandnes om natta, sett frå Bogafjell (sør for byen). E39 på veg inn mot byen. Stavanger heilt i bakgrunnen Sandnes si historie kan sporast attende heile 6–7 000 år. Frå 1664 av er det registrert busetnad. I 1860 fekk Sandnes status som kommune (ladestad), og feirar med det 150 års jubileum i 2010.

I 1965 vart Sandnes kommune utvida med delar av gamle Hetland kommune, dette galdt Riska sogn og Dale krins. Resten av Hetland kommune gjekk inn i Stavanger. Heile gamle Høyland og Høle kommunar gjekk òg inn i Sandnes.

I samband med kommunereforma 2020 blei Sandnes kommune slått saman med tidlegare Forsand i Ryfylke. Med det fekk kommunen utvida flatevidda frå 304 til 1041 km², og fekk ei grense mot nabofylket Agder.

Sandnes var lenge mest kjend for teglverk- og pottemakarindustri. Byen ligg inst i Gandsfjorden, og leirgrunn finst mest alle stader i byen. På austsida av byen er det mest leirgrunn.

Føretak som har drive med teglstein og pottemakeri heilt opp til nyare tid er Gann Graveren, og Simonsen-familien. I den seinare tid har produksjon av tekstiler og syklar vore viktigare. Føretak som Jonas Øglænd A/S og Pioneer sette sitt preg på byen. Cubus vart og starta i Sandnes. I dag er det olje, forsking, data og eit godt forretningsmiljø som pregar byen.

Sandnesgauken

I kommunevåpenet eller byvåpenet finn ein sandnesgauken. Ein sandnesgauk er ein leirgauk, som kan nyttast som eit leiketøy til å spela på. Ved å blåsa i ein Sandnesgauk kan ein laga tre forskjellige tonar, og gaukegalen er særskilt lett å få til. Leirgauken minner òg om ein fugl som står med hovudet under vengen.

Det er sagt at slike gaukar vart delte ut for å skapa blæst om leirprodukt frå Sandnes. Ein person som er frå Sandnes kan kalla seg sandnesar, sandnesbu eller sandnesgauk.«Sandneser, sandnesbu eller gaug?» i Sandnesposten 24.03.2009

Kjøpesenter I Sandnes kommune finn ein store kjøpesenter, både i sentrum og utanfor. Vågen Amfi ligg i ein gamal fabrikk ved kaia i Sandnes, medan Kvadrat ligg på Lura i Sandnes nord. Her er det mange slike store butikkar, og fleire føretak.

Bydelar og tettstader Kommunen er delt inn i bydelane Austrått, Bogafjell, Figgjo, Ganddal, Hana, Høle, Lura, Malmheim, Riska, Sandved, Soma, Stangeland, Sviland og Trones og Sentrum.

Dei offisielle tettstadene i kommunen etter oversyn hos Statistisk sentralbyrå er Hommersåk, Vatne, Sviland, Forsand, Høle og Malmheim/Julebygda. Delar av tettstadene Stavanger/Sandnes, Ålgård/Figgjo og Kvernaland ligg innanfor kommunegrensa.

Kjende sandnesgaukar

Jonas Christian Øglænd (1847–1931), industrigrunnleggjar Elise Ottesen-Jensen (1886–1973), føregangskvinne innan kvinnerørsla Torkel Ravndal (1936–2004), vektløftar Julie Ege (1943–2008), skodespelar Solveig Aareskjold (f. 1949), forfattar Bjørg Tørresdal (f. 1958), stortingspolitikar Linda Medalen (f. 1965), fotballspelar, OL-medaljist, politibetjent, lokalpolitikar Bjørn Maaseide (f. 1968), sandvolleyballspelar Charles Tjessem (f. 1972), kokk Thomas Dybdahl (f. 1979), musikar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Rogaland