Psychedelic Pill er det 36. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young. Det kom ut 30. oktober 2012. Dette var den andre utgjevinga til Neil Young i lag med Crazy Horse i 2012, og det første albumet deira med originale verk sidan Greendale i 2003. Albumet vart lagt ut for gjennomlytting på nettsida til Young den 24. oktober 2012, og spreidd på Internett sam dagen.
Innspeling
Med ei lengd på 87 minuttar er Psychedelic Pill det lengste albumet til Neil Young og det einaste doble studioalbumet. Mange av songane på albumet hadde opphav i lange jammar i lag med Crazy Horse etter Americana var spelt inn. Opningssporet «Driftin' Back» inneheld referansar til dei nye memoarane til Young Waging Heavy Peace og forakta hans for MP3ar innimellom lange instrumentalparti. Songen var heile 27 og eit halvt minutt. Ein av dei andre episke songane på albumet, «Walk Like a Giant» er ein klage over korleis generasjonen hans ikkje klarte å endre verda («We were ready to save the world / But then the weather changed.») Andre stader på albumet minnast han at han lytta til Bob Dylan sin «Like a Rolling Stone» og The Grateful Dead på radio («Twisted Road»), og dei kanadiske røtene hans («Born in Ontario»). The Rolling Stone merka seg at riffet og teksten på tittelsporet på albumet minna om tidlegare songar av Young, som «Cinnamon Girl». Hovudriffet er lånt frå Young sin «Sign of Love». Songen er òg spelt inn med ein «phaser»-effekt som gjer han ei «psykedelisk» kjensle. Den alternative miksen av songen på plata er utan denne effekten.
Mottaking Samla sett fekk Psychedelic Pill positive meldingar. Rolling Stone gav albumet fire stjerner og sa det har «den irriterande ærlegheita og den brutale overfloda frå dei beste albuma deira» Douglas Heselgrave, for Paste Magazine, sa «Psychedelic Pill kan vere det beste albumet Neil Young har gjort nokon gong med Crazy Horse. Det vil ta fleire år å finne ut.» Dan Stubbs, gav det 8 av 10 stjerner for NME, og skreiv: «to spor her – 'Ramada Inn' og 'Walk Like A Giant' – er av dei beste til Young.» Andre meldingar var mindre sjenerøse, som Chicago Sun-Times som skreiv at albumet «har nokre få glimrande augneblink blant altfor mange typisk torande, flytande og keisame omvegar».
Innhald Disk ein
Disk to
Medverkande Neil Young – vokal, gitar Billy Talbot – bass, vokal Ralph Molina – trommer, vokal Frank «Poncho» Sampedro – gitar, vokal
Listeplasseringar Liste (2012) Plassering Tyskland 4
Liste (2012)PlasseringAusterrike11Australia28Belgia (Flandern)6Belgia (Vallonia)20 Canada7Danmark11Finland18Frankrike19Italia19Nederland11New Zealand20Noreg6Spania25Sveits12Sverige7Tyskland4 Skottlandhttp://www.officialcharts.com/archive-chart/_/23/2012-11-10/ 10 UK Albums Charthttp://www.officialcharts.com/archive-chart/_/3/2012-11-10/ 14 U.S. Billboard 200 8 U.S. Billboard Top Rock-album 2
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Psychedelic Pill» frå , den 15. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Neil Young-album Kategori:Crazy Horse-album Kategori:Musikkalbum frå 2012 Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av John Hanlon