Foyn Point er eit nes nedanfor ein 525 moh høg topp på nordsida av innløpet til Exasperationfjorden, på Oscar II Coast på austsida av Graham Land i Antarktis. Sir Hubert Wilkins fotograferte neset på ein flytur den 20. desember 1928 men det vart då kartlagd som ei øy utanfor austkysten. Samanlikningar med bilete tekne av Falkland Islands Dependencies Survey, som kartla kysten i 1947, indikerer at neset ligg langt lengre nord enn det Wilkins rapporterte. Namnet Foyn Point er gjeve søraustenden av området Wilkins såg, kalla opp etter Svend Foyn.
Kjelder
Kategori:Nes i Graham Land Kategori:Foyn Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn